Toppsjefen i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, gjekk av på dagen i eit ekstraordinært styremøte torsdag. Han forlet eit helseforetak med styrka økonomi og handlingsrom.

Men han etterlet seg også ei alvorleg helsing til fogderifylket Møre og Romsdal.

«Vi merker at faklene sitter løst», seier han i eit intervju med Dagens Medisin. Til Sunnmørsposten advarer han mot dei sterke motsetningane i fylket, og meiner at mangel på felles situasjonsforståing kan gå ut over tenestene.

Å vere toppleiar i helsevesenet er ingen jobb for pyser, men Bakke er på langt nær åleine om å oppleve at det er tett både mellom fakkeltog og stormkast. Strukturen for Sykehuset Innlandet, Ullevål sykehus og sjukehusstrukturen i Finnmark har også utløyst bitter strid.

Likevel kan knapt noko måle seg med Møre og Romsdal der fogderikampen har skapt ekstra harde frontar.

Folk kjempar for sitt eige lokalsjukehus. Det er fullt forståeleg.

Sjukehusstridane handlar gjerne om ei sterk kjensle for at dette er viktig for tryggleiken i kvardagen. At dette inkluderer ein kamp for statlege arbeidsplassar, er også legitimt. Det hadde vore verre om det ikkje var debatt om endringar i helsetilbodet.

Likevel bør vi ta høgde for at slike lokaliseringskampar også kan vere til hinder for omstilling.

I ei tid der det kjem til å bli endå større mangel på helsepersonell, kan det bli kritisk. Fleire små einingar krev større personellressursar enn færre større. Dei små einingane gir også mindre mengdetrening enn store.

Større kostnader gir også mindre økonomisk handlingsrom til å investere i moderne utstyr og lokalitetar. I intervjuet med Dagens Medisin seier Bakke at pasientgrunnlaget i fylket er for lite til at Helse Møre og Romsdal kan leggje like mykje vekt på geografi som i dag.

Dette er som eit ekko frå Helsepersonellkommisjonen.

I si utgreiing gjer den det heilt klart at det korkje meir pengar eller fleire hender i arbeid kan løyse den komande krisa. Kommisjonsleiaren sa rett ut at færre sjukehus og samling av tilbod er ein del av kuren for helsevesenet.

Alt kan ikkje gjerast over alt, og fleire tilbod må samlokaliserast. Dette må absolutt ikkje bety at utkanten alltid skal tape når tilbod skal samlast. Men same kven som blir ståande som vinnar, kan vi ikkje kome utanom at kravet til omstilling blir stort framover.

Ei brei, felles forståing av utfordringane er avgjerande for å få dette til. Det stiller store krav til oss alle, men ikkje minst den som skal leie arbeidet.

Den som skal ta over for Bakke, får ingen enkel jobb.