I går vart regnbogeflagget heist ved Eidsvollbygninga for å markere at det er 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Norge. Onsdag bad statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på vegner av regjeringa om orsaking for måten staten har behandla homofile.

Begge deler er symbolsterke og viktige markeringar for homofile sine rettar.

Vel så viktig som å sjå tilbake i historia er likevel å sjå kvar vi står i dag. Vi treng ikkje å gå til historia for å leite etter urett som er gjort mot homofile. Vi har framleis langt igjen.

Lovforbodet mot homofil praksis er eit svart kapittel i norsk historie. I heile 70 år var forbodet mot sex mellom menn ein del av norsk straffelov. I tiåra etter det vart innført var det berre spreidde forsøk på å få fjerna det.

Først etter initiativ frå Arne Kielland (Ap) i 1970 vart det kraft bak kravet.

Kielland meinte forbodet haldt liv i fordommar mot homofile, og at det representerte ei samanblanding av moral og jus. Norge låg langt bak sine naboar då paragrafen vart oppheva to år etter.

Korkje fordommane eller samanblandinga av jus og moral tok dessverre slutt med dette. Det tok nye 21 år før vi fekk ei lov som gjorde at samlevande homofile kunne inngå partnarskap.

Og først i 2008 vart denne viktige milepælen ført vidare i ei kjønnsnøytral ekteskapslov.

At dette har tatt så lang tid er ein skamplett i vår historie.

Og det er ikkje meir enn ni år sidan Stortinget vedtok diskrimineringslova om seksuell orientering, ei lov som i 2017 vart vidareført i dagens likestillings- og diskrimineringslov.

Vi skal altså ikkje mange år tilbake for å finne døme på korleis også lovverket diskriminerte skeive og svikta i vernet av deira sine rettar. At dette har tatt så lang tid er ein skamplett i vår historie.

I dag er det ikkje først og fremst i lovverket vi finn slik diskriminering. Det betyr likevel ikkje at homofile eller lesbiske kan leve fritt og syne sin kjærleik offentleg. Haldningane dei møter gjer at det framleis er ein stor terskel for mange å stå fram.

Hets, mobbing og trakassering er ein del av kvardagen for mange.

I mange miljø og delar av samfunnet, slik som delar av idretten og mange trussamfunn, er det framleis i dag vanskeleg å vere open homofil. Ein konsekvens er at mange skeive slit med psykiske helsevanskar. Skeive rapporterer i undersøkingar også gjennomgåande om lågare livskvalitet enn gjennomsnittet i befolkninga.

Vi skal sjølvsagt feire all framgang for skeive sine rettar. Vi må berre ikkje gløyme dei viktige kampane vi som samfunn har att for at alle kan få leve ut sin kjærleik utan å måtte kjempe for det åleine.