Stortinget gir folket på Nordøyane eit halmstrå av håp i kampen for lågare bomsatsar på Nordøyvegen. Regjeringa må greie ut saka på nytt.

Uansett er det betre enn ingenting.

Lyspunktet er at eit fleirtal på Stortinget no står bak folket på Nordøyane i sak. Om det vil gi billegare bompassering, er likevel heilt i det blå.

Nordøyvegen nærmar seg den offisielle opninga i slutten av august. Eit heildøgnsope samband med fastlandet gir både innbyggjarar og næringsliv ein ny kvardag.

Ferjene i to samband blir borte for godt.

Bygginga har vore ein suksess så langt. Alt tyder på at prosjektet blir betydeleg billegare enn det som låg til grunn for vedtaket om bygging.

Med god grunn kan laurdag 27. august bli ein festdag for både øyfolket og regionen.

Festsjampanjen kjem dessverre med ein lei bismak. Nordøyane får ikkje nyte godt av at staten no brukar meir på å subsidiere ferjene til tilsvarande øysamfunn.

Prisen på bompengane i sambandet blir nemleg rekna ut frå dei gamle ferjetakstane.

Heilt til torsdag såg det ut til at fleirtalet på Stortinget skulle slutte seg heilhjarta til dette. Det ville ha spikra dei høge bomsatsane for «all framtid».

I siste sekund vart det fleirtal for å be regjeringa gi Nordøyane ein ny sjanse etter intens jobbing frå Mørebenken. Regjeringa er no pålagt å sjå på staten sitt bidrag gjennom ferjeavløysingsordninga på nytt.

Det kan gi håp om bompengekutt.

Vel og merke om reknestykket viser at prosjektet ville fått meir i ferjeavløysingsmidlar med den nye politikken. Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er klar på at det ikkje er gitt at dette blir resultatet.

Nygård peikar også på Møre og Romsdal fylkeskommune sitt ansvar som vegeigar, byggherre og den som vedtok bygginga.

Den peikefingeren må fylkespolitikarane tole.

Ikkje slik å forstå at dei skal godta at dei kom «for seint» til å vere med på ferjefesten Stortinget og regjeringa, men at også dei må sjå kva dei kan gjere for å kutte prisen for dei reisande.

Det er nemleg ikkje berre høgre ferjesubsidiar som bør gå inn i prosjektet for å gjere det billegare for dei reisande.

Blir prisen på å byggje sambandet 200 millionar kroner lågare enn føresett, bør det også kome innbyggjarane til gode.

I tillegg til eventuelt auka bidrag frå staten.

For det er vel dei som brukar vegen den blir bygd for?

Ikkje for at regjeringa, Stortinget eller fylkestinget skal skubbe ansvar over på kvarandre, men for at øysamfunnet skal få ein ny kvardag og ei ny framtid.