Etter Russland sin brutale invasjon av Ukraina står vi ved eit historisk vendepunkt. Utviklinga av vår del av verda tar ei ny retning.

Vi ser i dag ikkje fullt ut rekkevidda av dette.

At det vil få store konsekvensar for norsk utanriks- og tryggingspolitikk er likevel heva over all tvil. Endringane vi no ser konturane av, vil også bli merkbare for kvar enkelt av oss mellom anna økonomisk.

Måndag ettermiddag var dei krigførande partane i samtalar på grensa mellom Kviterussland og Ukraina. Seks dagar ut i krigen er dette den første tynne strima av håp.

I skuggen av ein stadig hardare krigsretorikk frå Vladimir Putin ser det likevel svært mørkt ut.

Putin er tvert om i ferd med å trappe opp krigen, og har sett sine atomvåpen i kampberedskap. Putin vil ikkje berre tvinge Ukraina i kne, men vil også ha den frie verda til å bøye seg han.

Putin-regimet sin brutalitet vil måtte få konsekvensar som vil setje djupe spor i Europa i lang, lang tid framover. Allereie no ser vi korleis dette flyttar grenser tryggleiks- og forsvarspolitikken.

Tyskland si avgjerd om å gi våpen til Ukraina er ein slik.

Etter andre verdskrig har Tyskland hatt gode grunnar til å vere tilbakehaldne militært. Med forbundskanslar Olaf Scholz sin tale i helga er den lina forlate. Tyskland sender våpen til Ukraina, og trappar kraftig opp si eiga militære satsing.

Tyskland har også erkjent at energipolitikk også er tryggingspolitikk.

Norge er eit lite land i den vestlege alliansen, men dette får også konsekvensar for oss. Når historia tar ei anna retning, må også vi vurdere vår eigen kurs.

Og vi har alt flytta grenser.

Ved å tillate Danmark og andre å sende norske våpen til Ukraina, har vi i praksis forlate prinsippet om å ikkje selje våpen til konfliktområde. Om våre våpen går til eit krigsherja Ukraina via ein mellomstasjon er ikkje det som gjer den store skilnaden.

Vår rolle som våpenprodusent er likevel ikkje det sentrale framover. Det er som energinasjon Norge får ein særleg viktig posisjon. Tyskland er eitt av fleire europeiske land som er avhengige av russisk gass.

Måndag skaut prisen på gass kraftig i vêret.

For vanlege folk, også i Norge, betyr det dyrare energirekningar. Etter kvart vil dette også smitte over på kjerneinflasjonen. Norge kan ikkje hindre dette, men kan bidra til å dempe det. Norge må ha ein solidarisk petroleums- og energipolitikk.

Gjer vi ikkje det vi kan for å forsyne Europa med energi i denne situasjonen, spelar vi Putin sterk.