Minst 35.000 flyktningar frå Ukraina er venta til Norge i år. Det kan bli langt fleire. Uansett har vi det som skal til for å ta imot dei på ein god måte.

Men det blir svært krevjande.

Første fase av krisa blir særleg viktig. Det fortel erfaringane frå flyktningkrisa i 2015 oss. Vi må setje inn nok ressursar tidleg nok. Det vil både vi og flyktningane ha att for seinare.

Over 3,4 millionar ukrainarar har flykta ut av landet. Nær halvparten av dei er barn. Dei aller fleste har kryssa grensa til Polen. I fleire polske byar er mottakskapasiteten sprengt.

Også i Moldova og Romania er presset stort

Og enno har vi ikkje sett slutten. Endå fleire er flyktningar i eige land. FN sin flyktningeorganisasjon, UNHCR, meiner at det samla talet på ukrainarar på flukt kan vere så høgt som 10 millionar.

Regjeringa har så langt lagt opp til at Norge skal ta imot 35.000 flyktningar frå det krigsherja landet. Møre og Romsdal sin andel er så langt tenkt å vere på knappe 2.900.

Men talet kan bli langt høgare.

Ei slik krise stiller svært store krav til heile kjeden i mottaket. Mangel på tolkar og knappe ressursar i helsetenestene byr alt i dag på problem. Kvar tredje kommune seier at legetilbodet er utfordrande eller kritisk.

Dette kan bli verre.

I tillegg skal dei stille med bustadar, skule, barnehage og hjelp til aktivitetar eller arbeid.

I 2015 kom over 31.000 asylsøkjarar til Norge. Også då vart både private, frivillege og offentlege aktørar sett under sterkt press. Kapasiteten på registrering, mottak, innkvartering, forpleining og helsehjelp vart sprengt.

Ei tydeleg og handlekraftig kriseleiing må på plass alt i dag.

På same tid vart store summar brukt på mottaksplassar som aldri vart brukt.

Vi hadde ikkje god nok beredskap.

Det tok tid før ei felles kriseforståing var etablert. Ansvarsfordelinga var uklar, og evalueringsrapportane etterlyste også ei tydelegare leiing. Samvirket mellom ulike aktørar og etatar kom for seint på plass.

Viljen til å ta imot flyktningar frå Ukraina er stor i Norge i dag. No må vi også sikre evnen og ressursane som må til. Hjarterom er ikkje nok.

I dag ser alle den humanitære krisa i Ukraina.

Vi ser også korleis nabolanda byrjar å slite. Vår innsats er beskjeden samanlikna med deira. Likevel er den viktig. No må vi lære av feila frå 2015.

Vi må mobilisere raskt nok og sterkt nok.

Ei tydeleg og handlekraftig kriseleiing må på plass alt i dag.