Ålesund sjukehus er i toppsjiktet innan kirurgisk behandling av kreft i endetarm og tjukktarm, viser årsrapporten til Kreftregisteret. Det er svært gledeleg, både for tilsette som fortener ros, og for innbyggarane i regionen som kan vere trygge på at dei får god behandling. Nasjonalt kvalitetsregister for tjukk- og endetarmskreft har seks kvalitetsindikatorar som sjukehusa blir målt på, og Ålesund har svært gode resultat. Det handlar mellom anna om kor mange som unngår spreiing av kreft til andre organ, og kor mange som overlever, og framleis er i live fem år etter operasjon. Rapporten viser resultata for kvinner og menn med tjukk- og endetarmskreft i perioden frå 2012 til 2021.

Det er svært gledeleg, både for tilsette som fortener ros, og for innbyggarane i regionen som kan vere trygge på at dei får god behandling

Pasientar si oppleving av behandlinga er eit sentralt mål for kvaliteten på helsetenesta. Det er ikkje nok med gode tal i rapportar, dersom pasientane ikkje opplever å bli tatt vare på. Det var derfor interessant å lese korleis Arve Eide frå Tingvoll opplevde å bli behandla for tarmkreft i Ålesund. Han fortel til Sunnmørsposten at han vart anbefalt av legen å velje sjukehuset i Ålesund, og han vart ikkje skuffa. Eide er full av lovord om kreftlege og sjukepleiarar, og meiner dei tilsette gjer ein fantastisk jobb, trass elendige lokale.

I Norge er tarmkreft ei av dei hyppigaste kreftformene. Meir enn 4.000 nye tilfelle blir oppdaga kvart år. Tjukktarmskreft har god prognose når den vert oppdaga tidleg, men problemet er at ein kan ha få eller ingen symptom i starten. Tarmkreft kan spreie seg til levra og lungene, og då er den mykje vanskelegare å stanse.

Det nasjonale screeningprogrammet for tarmkreft er nyleg kome i gang, og Ålesund sjukehus er først i landet. Alle i Møre og Romsdal som er fødd i 1967 eller seinare får invitasjon til å vere med. Tilbodet om undersøking er lagt til Kristiansund for Nordmøre og Romsdal, og til Ålesund for Sunnmøre.

Arve Eide er ikkje i tvil om at folk må takke ja til tilbodet om testing, og han veit det av erfaring. Då faren hans fekk tarmkreft, bad han sjølv om å bli testa. Det skulle vise seg å få stor betydning. Han var berre 45 år gamal då han fekk påvist tarmkreft. Heldigvis fekk han god behandling, og er i dag frisk. Målet med den massetestinga som no er sett i gong, er nettopp å oppdage kreft i tide.