I dag aukar prisane på daglegvarer igjen. Fleire har antyda eit prishopp på rundt 10 prosent. Eit slikt prishopp vil merkast godt på levekostnadane for alle.

For dei som har det tøffast frå før, kan det bli dramatisk.

Regjeringa kan føre tilsyn med at bransjen ikkje utnyttar situasjonen, men kan ikkje vedta lav prisstigning. Det aller viktigaste den kan gjere er difor å skjerme dei som slit mest.

Rett før jul avslutta leverandørane og daglegvarehandelen forhandlingane om nye avtalar. Både leverandørar som Nortura og kjelder i handelen signaliserte allereie då eit kraftig prishopp.

Resultata av forhandlingane kjem på kassalappen i dag.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) og landbruksminister Sandra Borch (Sp) advarer bransjen mot å skru opp prisane meir enn det er grunnlag for. Konkurransetilsynet har også ekstra fokus på bransjen.

Prisen på mat auka kraftig i fjor, og vi har utsikter til nok eit år med uvanleg høg årsvekst i prisane. Det er difor viktig at bransjen – frå første til siste ledd, blir følgt med argusblikk. Lova forbyr både urimeleg prissetting og prissamarbeid.

Bransjen må også syne samfunnsansvar.

Regjeringa må likevel ikkje berre skubbe bransjen framføre seg som syndebukk. For det første er det uvisst kva effekt nye konkurransefremjande tiltak vil ha. Uansett vil heller ikkje det hjelpe på den akutte situasjonen.

Regjeringa må dessutan sjølv ha samanheng mellom ord og handling. Det skurrar når landbruksministeren meir enn indikerer at liten konkurranse mellom matvarekjedene er problemet, mens ho sjølv vil fase ut ordningar som skal sikre konkurranse i meierisektoren.

I Politisk kvarter i NRK tysdag avviste ho også å vurdere momskutt, slik blant andre LO-forbundet Handel og kontor, SV og Frp har foreslått.

Ho fryktar at dagligvarekjedane vil putte gevinsten i eiga lomme.

Matvareprisane i Norge auka med 11,5 prosent i fjor. Det er langt unna Europa-toppen. Norsk inflasjon er mellom dei lågaste i Europa, og i 18 av 27 EU-land var det press på matprisen som dreiv inflasjonen mest opp.

I Sverige steig matvareprisen med 18,6 prosent i 2022. I Danmark steig dei med 14,9 prosent.

At prisen stig meir i andre land der konkurransen i matvarebransjen er langt høgre enn i Norge, er ikkje ei trøyst for dei som i dag er tvinga til å stå i matkø for å klare seg. Like lite som at regjeringa skubbar frå seg ansvar ved å gjere daglegvarebransjen åleine til syndebukk.