Laurdag starta Sunnmørsposten ein artikkelserie der vi set søkelys på dødsfall i trafikken, og kva som kan gjerast for å førebyggje ulykker.

Frå 2005 og fram til i dag har alle dødsulykker på norske vegar blitt granska av Statens vegvesen si ulykkesanalysegruppe. Sunnmørsposten har undersøkt 77 ulykkesrapportar i det mest ulykkesbelasta området i Møre og Romsdal, som er Sunnmøre og sørlege delar av Romsdal. Dette har vore eit omfattande og tidkrevjande prosjekt, men likevel vel verdt innsatsen, i arbeidet med å finne svar.

Ved å dokumentere det som har skjedd, og fortelje historiene bak tala, er målet vårt å få fram kunnskap som kan bidra til å hindre at fleire liv går tapt. Vi har sett nærare på kvar ulykkene skjer, kva vegar som er farlegast å køyre og om det er biltypar som skil seg ut.

92 menneske har omkome på vegane i vårt område, frå 2005 til 2020. Bak kvart tal er det pårørande som har opplevd den verste tragedie, å miste nokon dei er glade i. Marginane er ofte små når det gjeld kven som blir offer i trafikken.

Ei strekning som fortener særskilt merksemd er Europaveg 136 mellom Ålesund og Bjorli. Vegen blir kalla eksportvegen, fordi det kvar dag rullar trailerar med møblar, fisk og andre produkt sørover frå Nordvestlandet, og sørger for store inntekter til Norge. Møre og Romsdal har i mange år vore eksportfylke nummer ein – når ein målar eksport per innbyggar.

27 menneske er blitt trafikkdrept på strekninga mellom Ålesund og fylkesgrensa til Innlandet dei siste 16 åra. Ifølge yrkessjåførar, som køyrer eksportvegen fleire gonger i veka, er det berre flaks at dette talet ikkje er langt høgare. Også i vinter har det vore mange ulykker og farlege situasjonar på strekninga.

Det er meiningslaust og djupt tragisk at denne strekninga, som er så viktig for norsk verdiskaping, ikkje er blitt utbetra for lange sidan. Førebels er fem kilometer krabbefelt i Romsdalen det einaste byggeklare prosjektet på eksportvegen. Det er ille om fleire liv må gå tapt, før det skjer noko. No kan vi ikkje vente lenger!

Med reportasjane «Dødsulykkene» ønsker vi å sette trafikktryggleik på dagsorden. Mange små og store tiltak må gjennomførast, for å hindre at liv går tapt. Vi har ingen å miste.