Skadane etter ekstremvêret Gyda er ikkje endeleg klarlagt. Enkelte bygder har vorte meir råka enn andre, og nokre har fått stor skade på hus og eigedom.

Likevel kan vi samanfatte med at vi kom betre frå dette enn frykta og venta.

Årsaka til det er ikkje berre rein flaks.

Ulike ekstremvêr kan ikkje direkte samanliknast. Målt mot Nyttårsorkanen, Dagmar eller Tor var det andre både andre risiko og krefter i sving under Gyda.

Nyttårsorkanen er ei av dei største naturkatastrofane i Norge, med enorme skadar på infrastruktur, skog og over 50.000 bygningar. Mange samfunn vart totalisolert, utan straum og telenett og utan veg- eller ferjesamband.

Litt av det same såg vi under Dagmar.

Trass i skilnadane har slike hendingar noko felles. God beredskap reduserer risko, skadeomfang og gir betre krisehandtering. Skilnaden på god og dårleg kriseberedskap er stor.

I dei 30 åra som har gått sidan Nyttårsorkanen har det skjedd mykje.

Både kommunane, statsforvaltaren og beredskapsetatane er betre rusta til å møte slike kriser no, både kvar for seg og saman. Lova stiller også klarare krav til beredskapen.

Tala frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fortel at 97 prosent av kommunane har risiko-analysar på plass. Meir enn åtte av ti har hatt overordna beredskapsøving i dei siste to åra.

Fylkesberedkapsrådet har møter årleg og i ved med konkrete kriser.

Kommunar, statsforvaltar og fylkeskommunen møter her med etatar som NVE, Politiet, HV-distriktet, helseføretaket og frivillige partar i beredskapsarbeidet.

Etatane øver saman, og i Møre og Romsdal har dei også god erfaring i praktisk samhandling med ekstremvêra Dagmar, Tor og Berit, «Viking Sky»-ulykka og kriseberedskapen ved «Mannen» i Romsdalen.

Nyttårsorkanen var dårleg varsla, og beredskapen var ikkje like god som no.

Vi kan aldri sikre oss heilt mot naturkrefter og kriser. Vi kan ikkje vite kva skadeomfanget av Gyda ville ha vore om kriseberedskapen ikkje hadde blitt systematisk løfta dei siste 30 åra.

Ekstremvêret Gyda var godt varsla. Ein kunne vere tidleg ute med å førebyggje skadar ved sikring av bygg, nedtapping av magasin, reinsking av grøfter og stikkrenner og ved at det vart sett kriseberedskap.

Og då uvêret sette inn, tok det kort tid å sperre av vegar, evakuere bustadar og sette gravemaskiner og brannvern inn for å trygge eigedom mot vannmassene.

God beredskap betalar seg godt.