Regjeringa har lovd at den skal ta heile rekninga for oppsplitting av kommunar og fylke. No må den vise at den står ved lovnaden.

Framlegget til statsbudsjett viser ikkje det.

Dei 200 millionane som er lagt inn der, held ikkje eingong til det delinga av Ålesund og Haram vil koste. Summen må minst firedoblast.

Ei av Senterpartiet sine vinnarsaker i valkampen i fjor var kampen for å reversere samanslåinga av kommunar og fylke. Kostnadane skulle ikkje vere noko problem.

Denne veka har partiet hatt regjeringsmakt i eitt år.

Svært mykje har blitt annleis enn dei fleste hadde sett føre seg. Statsbudsjettet ber sterkt preg av kriser og omveltingar dette året. Kostnadane måtte kuttast.

Også kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) måtte kutte. Vi forstår at det er vanskeleg. Likevel må det vere lov til å stille krav til realisme. Både kutt og løyvingar må byggje på faktisk kunnskap og realisme.

Posten for kommune- og fylkesdelinga er ikkje det.

Så langt er den rekninga oppe i 838 millionar. Delinga av Ålesund kjem åleine til å koste 237 millionar kroner ifølgje dokumenta til formannskapet neste veke – 37 millionar meir enn Gjelsvik sine samla reverserings-millionar.

Kunnskapen om dette kunne og burde departementet ha skaffa seg som grunnlag for ei realistisk budsjettering. I staden vel Gjelsvik å så tvil om at han står ved tidlegare lovnader.

Den tvilen må han straks rydde vekk.

Dei folkevalde i Ålesund må få klar beskjed om kva som vil gjelde. Vage lovnader om at det kan kome meir etter at dagens kommune er borte, er for svakt.

Ålesund har allereie store økonomiske utfordringar. Desse vil uansett følgje dei to nye kommunane vidare, og forsterke ein allereie krevjande start.

Statsråden bør ikkje gjere vanskane større.

Tvilen han no skaper er i seg sjølv eit stort problem. Dei stadige påminningane om at kommunen må gjere dette så billeg som råd, er ikkje med på å gjere uvissa mindre.

Trur verkeleg Sigbjørn Gjelsvik at lokale politikarar ser dette som eit høve til å sløse? I så fall har han skremmande dårleg kontakt med grasrota i Kommune-Noreg.

Kommunedelinga er bestemt. Både politikarar og administrasjon er innstilt på å gjere jobben effektivt.

Kvar ein time og kvar ei krone dei slepp å bruke på dette, må brukast til å trygge gode tenester til innbyggjarane.

Gjelsvik sin jobb er å vere statsråd – ikkje aksjonist – og leggje til rette for at dei får bruke tid og energi på akkurat det.