Sjukehusa våre er i endring, og det skal dei vere. Helseutfordringane er i rivande utvikling, og den må sjukehusa tilpasse seg til. Utviklinga vil berre gå raskare i takt med endringane i befolkninga, ny teknologi, medisinske nyvinningar og betre kommunikasjonar.

Slik må det sjølvsagt vere, men som kjent er det akkurat når farta aukar som mest at det er viktig å halde minst ei hand på rattet og ein fot på bremsa. Vi må styre utviklinga og ikkje la den styre oss.Heile tida må omsynet til kvalitet, tryggleik og eit likeverdig helsetilbod for alle vere det førande. Samstundes må vi halde blikket langt fram på vegen. Svara på dei kortsiktige utfordringane i ei budsjettknipe må ikkje få vere avgjerande på dei viktigaste vegvala vi tar.

No er sjukehusdebatten i Møre og Romsdal i ferd med å blusse opp att. 160 millionar skal sparast inn, og det betyr kutt som må bli smertefulle. Etter at leiinga i Helse Møre og Romsdal la fram lista over kuttalternativ, er frontane igjen skjerpa.

I nord leitar politikarane fram igjen fakkelen for å hindre at funksjonar glepp sørover i fylket. Forkjemparane for sjukehuset i Volda kvesser kniven mot Ålesund i frykt for at tap av akuttberedskap skal underminere lokalsjukehuset.

Det er vanskeleg å styrkje helsetilbodet i takt med endra utfordringar utan å endre oppgåvefordelinga mellom sjukehusa. Ei slik utvikling er det også brei politisk semje om. Den blå-blå plattforma speglar seg her svært mykje i Soria Moria-erklæringa.

Difor er det ikkje urimeleg at dette også pregar ein trong budsjetthaust i nordvest. Ein må ta strukturelle grep for å få effekt og for å nå mål. Om høvelen er einaste budsjettreiskapen, vil ein til slutt stå att med berre høvelspon. Det er som kjent dårleg byggjematerial.

At vi i budsjettarbeidet ser spor av det som kan bli innhaldet i det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal er ikkje unaturleg. I tillegg er auka spesialisering altså i tråd med dei sentrale politiske styringssignala. Problemet med desse signala er dessverre at dei har vore svært utydelege når det nærmar seg dei grunnleggjande funksjonane for sjukehusa.

I Soria Moria stod det at ingen lokalsjukehus skulle leggjast ned. I den nye regjeringa si plattform heiter det no at nedlegging av akutt- og fødetilbod skal stoppast. Ikkje noko av dette har skapt ro. Først fekk vi bitre kampar om kva lokalsjukehusa skulle innehalde. No får vi tilsvarande debatt om korleis ein skal definere akuttilbod, til dømes om nedbygging av akuttkirurgi i Volda er å rekne som nedlegging av akuttfunksjonen.

Dette er øydeleggjande debattar som skriv seg frå helsepolitikarane si ansvarsfråskriving. Her bør helseministeren snarast kome på banen og ta ei hand på rattet. Til dette er avklart bør helseføretaka ta ein fot på bremsepedalen. Framtida til slike grunnleggjande funksjonar bør ikkje avgjerast i ein heit budsjetthaust i eitt enkelt helseføretak, men vere resultat av ein samla og heilskapleg helsepolitikk.