Barn som blir forsømt, mishandla eller misbrukt av sine næraste er avhengig av hjelp frå storsamfunnet. Dei er heilt forsvarslause dersom ingen grip inn. Konsekvensane av ein øydelagt barndom kan vere enorme, både for den enkelte person og for samfunnet. Barnevernet har difor ei svært viktig oppgåve med å passe på at barn og familiar får den hjelpa dei treng.

Statens helsetilsyn presenterte sist torsdag ein rapport som avdekkjer alvorleg svikt i mange barnevernssaker. Helsetilsynet har vurdert kvaliteten på 106 saker frå 60 kommunar over heile landet, og konkluderer med at praksisen er god i omtrent berre halvparten av sakene. Det viser at behovet for forbetring er stort. Det er avdekka mange tilfelle av alvorleg rutinesvikt, dårleg oppfølging, mangelfulle analysar og uklare avgjerder. Det er heilt avgjerande at dette blir retta opp. Andre undersøkingar har vist at mange kommunar i Norge ikkje klarer å oppfylle alle krava i barnevernslova, og dette gjeld særleg dei mindre kommunane.

Barneombod Inga Bejer Engh har tatt til orde for å utvide utdanninga til barnevernstilsette til fem år for å sikre betre kvalitet. Andre har peika på at det ikkje er mangel på kompetanse som er problemet, med tid til å bruke den. I nokre kommunar må barnevernstilsette behandle så mange saker, at det blir vanskeleg å følgje opp den enkelte. Kommunane må sørge for at barnevernet blir rigga slik at dei kan løyse sine oppgåver.

I Sunnmørsposten laurdag fortalde fem søsken om grufulle opplevingar under oppveksten i Hareid og Ulstein på 1960 og -70-talet. Det var rystande lesing. Ingen forstod, eller ville forstå, kva barna vart utsette for. Då søskena Øvrelid vart tilkjent rettsvederlag frå Stortinget for nokre år sidan, stod det mellom anna i vedtaket at man «kan ikke se at barnevernet foretok seg noe for å undersøke barnas situasjon, eller at det ble satt inn tilstrekkelige tiltak for å bedre oppvekstforholda i familien.» Historia er ei viktig påminning til alle som har ansvar i kommunane om å sørge for eit forsvarleg tilbod. Og ei påminning til oss alle om at barn må bli sett.