Tragedien som er avdekka i byen Telford i Storbritannia er skremmande. Den viser kor forferdeleg gale det kan gå, når politiet let vere å etterforske overgrep av frykt for å bli skulda for rasisme. I over 30 år er barn blitt utsette for vald og overgrep, fordi ingen greip inn.

Det var avisa Daily Mirror som i 2018 avslørte at overgrepa mot barn i Telford hadde eit langt større omfang enn politi og styresmakter tidlegare hadde gått ut med. Etter denne avsløringa vart det sett i gang ny gransking, og rapporten som kom sist veke, viste at avisa hadde heilt rett: Meir enn 1000 barn er blitt misbrukte i Telford, og det er openberre prov på at overgrepa er blitt ignorerte. Barna sjølve har fått skulda for overgrepa, og er blitt omtalt som «barneprostituerte». Og ikkje nok med det; både lærarar og barne- og ungdomsarbeidarar er blitt oppfordra til å ikkje varsle om overgrepa. Dette systematiske hemmeleghaldet har ført til at unge, sårbare jenter, år etter år, er blitt offer for grufull vald.

Det viser seg at styresmaktene skal ha vore redde for å ta fatt i varslar og mistankar, fordi dei frykta å bli stempla som rasistar, eller at det skulle bli raseopptøyar. Dette fordi dei fleste gjerningsmennene er av asiatisk opphav, ifølgje BBC.

Jenter heilt ned i 11-års alderen er blitt misbrukte. Eit offer fortalde til The Daily Mirror at ho stadig møtte opp på ein lokal klinikk for å få angrepille, men ingen stilte henne spørsmål. Ho vart gjengvaldteken av fem menn då ho var 16 år. Dei som misbrukte henne, truga med at dei ville brenne ned huset og drepe familien hennar, dersom ho fortalde nokon om valdtektene. Det trugsmålet vart tatt på alvor, fordi det var nettopp det som skjedde med 16 år gamle Lucy Lowe. Saman med mor og søster vart ho drepen, då huset vart sett fyr på i 2000, av mannen som hadde misbrukt henne og gjort henne gravid to gonger, fortel journalist Geraldine McKelvie, ei av dei som står bak Mirror-avsløringa.

Utan kritisk, undersøkande journalistikk kunne desse overgrepa ha gått føre seg vidare i det skjulte, og endå fleire barn kunne fått livet øydelagt. Tragedien i Telford, er ikkje den einaste overgrepssaka som har skaka britane dei siste åra. Politiet i Rotherham og Rochdale har også fått kritikk for manglande oppfølging av omfattande overgrepssaker, og det er viktig at desse sakene blir offentleg kjent. Vi må ta lærdom av det som har kome fram, for å hindre at fleire liv går tapt.