Lønnsfesten til leiarar i staten og statleg eigde selskap må stansast. Det er på tide å blinke med lysa, dempe musikken og skru att kranane.

Strenge reglar er visst ikkje nok.

Å kaste eit styre som omgår forsøka på å styre lønsnivået, er eitt tydeleg signal. At det må til, vitnar dessverre også om at tydelege politiske signal og detaljerte reglar ikkje er nok.

Saftige leiarløner, opsjonsprogram, pensjonsavtalar, bonusar og gylne fallskjermar i statleg eigde selskap er ikkje nytt. Det er heller ikkje forsøka på å prente inn behovet for moderasjon.

Fleire har forsøkt.

Utfordringa er at styra i fleire selskap ikkje bryr seg om signala frå storeigaren, Staten. Det undergrev tilliten til politikarane og til samhaldet samfunnsmodellen vår byggjer på.

Sist ute er investeringsselskapet Argentum. Bergens Tidende har nyleg avslørt at styret her har gitt toppleiar, Joachim Høegh-Krohn frå Ålesund, rause 24,5 millionar i fjor.

Dette står i skarp kontrast til dei klare politiske signala.

Avsløringane fekk næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til å sparke alle utanom ein i styret. Denne veka tok også Høegh-Krohn konsekvensen av dette og trekkjer seg.

Bråk rundt statlege leiarløner er ein gjengangar. Avsløringane som Bergens Tidende har gjort i det siste, er berre nok ei stadfesting på at alt går sin skeive gang.

Om statsministeren heiter Stoltenberg, Solberg eller Støre gjer ingen skilnad.

Forsøka på å styre lønsfesten havarerer gong på gong. Stadig ser vi nye metodar for å omgå styring og detaljerte regelverk. Dagens Næringsliv sine avsløringar av at leiarar har fått milliontillegg for å kompensere for taket Solberg-regjeringa sette på pensjonsgivande løn.

I dag får kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) overlevert rapporten frå Leiarlønsutvalet. Dette utvalet har gått gjennom leiarlønssystemet for leiarar i staten, altså i forvaltninga.

I mandatet til dette utvalet er også moderasjon eit nøkkelord.

Utvalet sitt framlegg til forbetra lønssystem skal syte for at staten skal ha konkurransedyktig løn, men utan å vere lønsleiande. Lønsutviklinga for leiarar i staten skal over tid følgje frontfaget.

Politikarane må ha redskapa dei treng for å styre nivået på leiarlønene både i forvaltning og for statleg eigde selskap. Har dei ikkje det, blir leiarlønsdebatten berre tom retorikk.

Regelverket må vere detaljert og klart.

Når det likevel ikkje er nok, viser det at også den politiske kontrollen må bli sterkare. Verktøykassa treng endå eit påfyll: Ein pisk.