Sikring av tunnelar er i ferd med å bli eit økonomisk mareritt for dei store tunnelfylka i Norge. Det er eit stort sprik mellom det dette kostar og staten sine ekstraløyvingar.

Om Møre og Romsdal fylkeskommune skulle brukt berre det staten stiller med, vil det ta nye 20 år frå no før oppgraderinga av tunnelane er i mål.

Det er 23 år etter den opphavelege fristen.

Underfinansieringa av tunnelsikringa gjer eit stort innhogg i økonomien til fylkeskommunar som har mange tunnelar på sitt vegnett. Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av dei som har flest.

Fleire samband er alt oppgraderte, men svært mykje står att.

Kostnaden for dette dei neste ni åra er på 3,1 milliardar. Dette er prisen på tiltak som er resultat av pålegg i forskrifter. I tillegg kjem tiltak som det er smart å gjennomføre samstundes, og slik spare kostnader på lang sikt.

Sluttsummen for Møre og Romsdal blir på minst 4,6 milliardar. Det kan bli langt dyrare. I dette talet er det nemleg ikkje teke høgde for at den kraftige kostnadsauken på veganlegg i fjor kan bite seg fast.

Og det statlege bidraget er beskjedent.

I statsbudsjettet for i år får Møre og Romsdal 133 millionar til føremålet. Signalet er at staten vil stille opp med tilsvarande i åra som kjem. Sluttsummen for perioden vil altså bli på knapt 1,2 milliardar.

Fylkeskommunen må altså bla opp med 1,9 milliardar av eige budsjett for å kome i mål. Då reknar vi inn berre det som er eit direkte resultat av statlege forskrifter. Totalt er det derimot snakk om 3,4 milliardar, eller nær 380 millionar årleg.

Dette rimar svært dårleg med statlege lovnader om at fylkeskommunane skal bli kompensert for meirkostnadane knytt til forskrift om tunnelsikring.

Utan at regjering og Stortinget står ved denne lovnaden i Nasjonal transportplan, vil det ramme innbyggjarane i dei store tunnelfylka hardt. Andre viktige investeringar må vike, driftskostnadane vil auke og stramme tider med nye kutt ventar.

Dei tre fylka på Vestlandet ber no om at ambisjonsnivået på tunnelsikringa blir senka og at staten legg meir pengar på bordet. Dette er svært rimelege krav. Tunnelsikringa må reknast som ekstraordinære kostnader, og dei råkar fylke som Nordland, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland ekstra hardt.

Andre fylke slepp langt lettare unna.

Stiller ikkje staten opp her, vil det gå ut over skuleelevar og standarden på vegnettet elles i desse fylka. Rettvist er det ikkje. God distriktspolitikk er det heller ikkje frå ei regjering som vil «ta heile landet i bruk».