Når barn døyr under offentleg omsorg, er det all grunn til å sjå nærare på årsakene. Aftenposten avslørte tidlegare i år at ti barn har døydd under barnevernets omsorg i tidsrommet frå mars 2020 til august 2022, men berre eit av desse dødsfalla er blitt granska. Det er sterkt kritikkverdig. Helsetilsynet har no fått i oppdrag å granske alle dødsfall i barnevernet dei siste fem åra.

Over 1600 barn budde på norske barnevernsinstitusjonar i 2021. Dette er barn og unge som er heilt avhengig av at samfunnet gir dei den omsorga dei treng. Fram til 2020 fanst det ikkje noko felles register over alvorlege hendingar i barnevernet, men det er no på plass.

Ifølge Aftenposten er det registrert over 1650 alvorlege hendingar ved norske barnevernsinstitusjonar dei siste to og eit halvt åra. Det handlar om dødsfall, sjølvmordsforsøk, kidnapping, brann, mistanke om seksuelle overgrep og andre skader. Dette er svært alvorleg, og derfor er det avgjerande at forholda blir granska, og at det blir sett inn forebyggande tiltak så tidleg som mogleg. Tiltaka må sikre at barna får det vernet og den omsorga dei treng.

Gransking er også nødvendig for å avdekke om det er behov for endringar i systemet, til dømes om ein kan få til betre samarbeid mellom ulike instansar. I tillegg kan gransking vere ei støtte for pårørande til dei avdøde barna, ved å sikre at dei får svar på sine spørsmål.

I fjor haust gjekk byrådet i Bergen av etter fleire alvorlege barnevernssaker. Statsforvaltaren hadde kome med knusande kritikk, men desse tilsynsrapportane er ofte unntatt offentlegheit. Det gjer det vanskeleg for andre enn dei som har utført tenesta å lære av det som har skjedd. Ei av oppgåvene til redaktørstyrte media er å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep og forsømming frå det offentlege, og det kan vere vanskeleg utan innsyn i viktige dokument.

Det er derfor behov for større openheit om barnevernet, samtidig som anonymiteten og personvernet til barna blir varetatt på beste måte.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har uttalt til Bergens Tidende at regjeringa går inn for å opprette ein eigen nasjonal kommisjon som skal undersøke kva som har gått gale når barn opplever det aller verste. Målet er å lære av det som har skjedd i kvar enkelt sak. Toppe understrekar at rapportane frå denne kommisjonen skal vere offentlege, og det er bra at ho er så tydeleg på det.

Grundig gransking av alle alvorlege hendingar i barnevernet er avgjerande viktig, både for det enkelte barn som treng omsorg, og for samfunnet.

Tiltaka må sikre at barna får det vernet og den omsorga dei treng