Midt-Norge har i stor grad vore skåna for dei ekstreme straumprisane som har dominert i Sør-Norge sidan våren, og delar av Europa i årevis. Inntil førre veke. Då var prisen var heilt oppe i 6,18 kroner kilowattimen – ny rekord på våre kantar.

Der ein verken kan kontrollere norsk nedbørsmengde eller europeisk energikrise, argumenterer somme for at det burde blitt gjort noko med kraftmarknaden for å sikre nok, rimeleg energi til det grøne skiftet i Norge. Det er ein viktig diskusjon.

Men, i eit kraftproduserande land som har vore godt van med låge prisar – er det eit viktig tema til som ikkje har vore spesielt høgt på agendaen: energieffektivisering.

Eit godt døme på det er energimeldinga som vart lagd fram i vår. Der er fokuset på korleis vi skal produsere meir energi, men ikkje korleis vi skal bruke mindre energi. Til NRK seier Jonas Henni Normann i Schneider Electric Norway at vi er det einaste landet i Europa som verken har ein strategi eller ein handlingsplan for energieffektivisering.

Mange hushaldningar er i desse dagar i gang med straumsparingstiltak som å skru ned stovetemperaturen eller dusje på meir prisgunstige tider av døgnet. Uavhengig av kWh-prisen, er det nok bra for nordmenn å bli meir medvitne på eige straumforbruk. Men, gamle vanar vender raskt nok tilbake om prisane blir låge nok igjen.

Derfor bør målsettinga vere varige tiltak, samtidig som ein slepp å hutre i heimen. Og der er svenskane eit hestehovud framføre oss. Sidan 1990 har Sverige redusert energibruken i bygg med 10 prosent, ved help av vassborne varmesystem, fjernvarme, bergvarmepumper og solceller.

Over same periode har Norge i staden auka energibruken i bygg med 20 prosent, og ifølge Sintef vil vidareføring av dagens politikk auke energibruken vidare. Og det er dumt, for den mest miljøvennlege energien er som kjent den vi ikkje bruker.

Heller ikkje denne månadens budsjettforlik gav grunn til optimisme. Sjølv om SV fekk kjempa inn 850 millionar kroner ekstra til generelle klimatiltak, vart derimot dei øyremerka Enøk-tiltaka kutta med 280 millionar kroner. Energieffektivisering har altså tapt igjen.

Heldigvis er det fleire som no stiller seg bak ønsket om meir energieffektive bygg. Til dømes har eigarar av verna og freda bygg tidlegare opplevt å få avslag frå kommune og fylke om varmepumpe-installering. Men Riksantikvaren meiner no at det er eit effektivt, billig og lite inngripande tiltak for gamle bygg, og ber folk om å søkje igjen. Så det er iallfall noko.