Det er ikkje vanskeleg å forstå gleda som mange i Haram gav uttrykk for etter pressekonferansen til statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp) tysdag. Dei har vunne fram i ei sak dei har kjempa for lenge. Regjeringa vil skilje ut heile gamle Haram frå Ålesund kommune, og ser bort frå forslaget frå fleirtalet i Ålesund kommunestyre som meinte Vatne, Tennfjord, Søvik og Grytastranda burde bli igjen i Ålesund.

Storkommunen blir sett i revers, når den skulle ha full fart framover

Det er liten tvil om at forslaget frå regjeringa kjem til å bli vedtatt i Stortinget, sjølv om mange i Arbeidarpartiet synest reverseringa er uheldig. Oppløysing av tvangssamanslåtte kommunar vart presentert som ein stor siger for Senterpartiet då Hurdalsplattformen vart presentert, og Ålesund er einaste nye storkommune som kan bli oppløyst.

Sjølv om gleda er stor i Haram, var tysdagen ein trist dag for regionen samla sett. Storkommunen blir sett i revers, når den skulle ha full fart framover. Ulykka var at Haram i si tid vart tvinga til å vere med. Tvangssamanslåinga skapte ein vaklande grunnmur og eit ustødig byggverk.

Mykje av arbeidet som har gått føre seg over fleire år med å samle fem tidlegare kommunar og bygge noko nytt, er bortkasta. Byggverket skal demonterast, og det blir ein kostbar jobb. I BDO-rapporten er det antyda at kostnadane vil kome på mellom 60 og 70 millionar kroner.

På spørsmål under pressekonferansen om regjeringa tek alle kostnadar i samband med skilsmissa, svarte kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i runde vendingar om god dialog med Ålesund kommune. Det er for diffust.

No er det behov for tydeleg tale, for ingen må tvile på at dette blir dyrt. Når regjeringa køyrer over fleirtalet i Ålesund kommunestyre, må dei ta heile rekninga.

Trass pandemi og strid om kommunegrenser, har det skjedd mykje positivt i regionen dei siste åra. Mange ser konturane av at Ålesund kan bli det kraftsenteret mellom Bergen og Trondheim som denne regionen har behov for. Ålesund er blitt universitetsby, ein sterkare kulturby, Nordøyvegen er realisert og kommunen har folketalsvekst – i motsetnad til mange andre kommunar i nordvest.

Risikoen ved reverseringa er at all utvikling stansar, fordi tida må brukast på å rive ned, i staden for å bygge opp. Mangel på framdrift i viktige prosjekt, er også kostnadar som må på bordet når regjeringa skal betale.

For folk flest er det ikkje plassering av rådhus og namnet på kommunen som er viktig, men at dei får tenestene dei har krav på, til dømes når det gjeld skule, barnehage og eldreomsorg. Det er dette som no må sikrast, slik at reverseringa ikkje fører til dårlegare tenester, og ein svekka region.