Frå høg arbeidsløyse ved starten av pandemien er mangel på arbeidskraft no i ferd med å bli det største problemet i fleire bransjar. På lang sikt kan det bli alvorleg.

Tapt verdiskaping og redusert vekst kan bli resultatet.

Underskot på arbeidskraft vil også gi hardare konkurranse om den. Regionane som har størst sjanse til å vinne i denne kampen er dei som har eit godt utdanningstilbod med god match mot det lokale behovet.

I Sunnmørsposten torsdag spår Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal at bransjar som reiseliv- og serveringsnæringa kan få problem med å skaffe nok faglærte servitørar og kokkar til sommarsesongen. Dette er mellom bransjane som også har hatt det tøffast under pandemien.

Vanskar med å hente arbeidskraft frå utlandet er ei forklaring.

Under pandemien har strenge innreisereglar vore eit viktig hinder. Tendensen til at fleire vel arbeid i heimlandet har likevel vore synleg også før pandemien.

Økonomien i land som tradisjonelt har forsynt oss med arbeidskraft har blitt betre, og fleire vel å ta arbeid i heimlandet.

At talet på ledige jobbar veks og arbeidsløysa fell er sjølvsagt ei gladsak. Unge med lite jobberfaring og søkjarar med særlege utfordringar får no ein ny og betre sjanse til å få ein fot innanfor arbeidslivet.

Skilnaden i livskvalitet og økonomi kan vere enorm for dei dette gjeld.

For både næringslivet og delar av offentleg sektor kan likevel hovudutfordringa i 2022 bli tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Her er reiseliv, serveringsbransjen, bygg og anlegg, industri og helse, pleie og omsorg i same båt.

I eit fylke som Møre og Romsdal har løysinga på denne utfordringa i lengre tid vore arbeidsinnvandring. Det gjeld både maritim næring, fiskeindustri, servicenæringar og helsesektoren.

Sviktar denne ressursen, får vi store problem.

Særleg dersom trenden med at ein stor del av ungdomskulla held fram med å flytte ut for å ta utdanning. Ein altfor liten del av dei som tek dette valet, vel å kome tilbake til heimstaden eller heimfylket.

Det langsiktige svaret på utfordringa i arbeidsmarknaden må difor vere å satse endå hardare på eit utdanningstilbod som klaffar med det behovet som er lokalt. Det gjeld både folk med fagbrev og folk med høgre utdanning.

Verdien av NTNU i Ålesund, høgskulane i Volda og Molde og ei god fagutdanning er langt større enn alle «flytt-heim-kampanjar» til saman.

Vi har langt større sjanse til å behalde dei som utdannar seg her enn å lokke andre tilbake.