Nerlandsøybrua har stått på vent altfor lenge. Det var difor på tide fylkestinget i Møre og Romsdal skar gjennom og vedtok bygging av ny bru.

Likevel luktar dette av skandale.

Forsøka på å få ned prisen har resultert i priseksplosjon. Berre dei fire siste åra har kostnaden gått opp med 320 millionar kroner.

Årsakene er fleire. Politikarar og administrasjon i fylket og lokalt må ta sin del av ansvaret for dette. Utsettingane, prosessen og måten anbodet er rigga på har vore med på å drive kostnadane opp.

Så kom den ekstraordinære prisauken på veganlegg det siste året på toppen av dette.

For bygginga av Nerlandsøybrua er det ikkje noko stort poeng å fordele skuld. Her er det ingen veg tilbake. Dette prosjektet er forbi det punktet der ein kan snu på kronene ein gong til.

No må spada i jorda, og difor måtte kronene på bordet.

Viktigare er det å lære av det som er gjort og det som har skjedd. Prisen på Nerlandsøybrua bør nemleg skremme vatnet av alle som har ei slik bru i sitt nærområde.

Og det er mange.

Mange betongbruer langs kysten av Norge vart bygde på same tid og med same metode. I dag har mange av desse store skadar på betong og armering.

Det hastar å få gjort noko. For fleire er dette allereie på overtid.

Vedlikehald, renovering og nybygg har utsett på grunn av trange budsjett. Det ser ut til at det er meir stas å byggje nye samband enn å sikre dei ein har. I tillegg har sikring av tunnelar på både riks- og fylkesvegnettet kravd sitt.

Tunnelsikringa skal vere fullført i 2025, men fleire fylke rekk ikkje det.

Den enorme kostnadsveksten på veganlegg det siste året gjer det ikkje lettare å få plass til renovering eller bygging av nye bruer. Når regjeringa i tillegg skal stramme inn til neste år, blir det endå trangare i vegbudsjetta.

I 2019 gav Møre og Romsdal fylkeskommune to selskap i oppdrag å utvikle nye, innovative måtar å bygge bruer på. Ulstein-selskapet Prodtex sitt forslag til ny Nerlandsøybru kunne gitt både kortare byggetid, billegare bru og lågare CO₂-avtrykk.

Måten fylket rigga anbodet på, gjorde at dei ikkje kunne vere med i konkurransen.

Slik har fylket parkert sitt eige initiativ til nyskaping på sidelina. I ei tid der alt vil handle om å få meir ut av kvar krone, er ikkje dette haldbart. Utan at vi gjer oss nytte av nye, smarte løysingar, vil vi ikkje klare det.

Resultatet vil bli at forfallet held fram og etterslepet på bruene veks.