Oppgjeret mot ekstremisme og antidemokratiske krefter kan aldri takast ein gong for alle. Den dagen vi trur det, den dagen er demokratiet i alvorleg fare.

Politisk ekstremisme har funnest til alle tider. Den kjem alltid tilbake i nye former.

Kampen tek aldri slutt.

Tiårsmarkeringa etter 22. juli-terroren torsdag vart eit sterkt møte med eitt av dei mørkaste kapitla i vår historie. På ei og same tid var dette til minne om ofra for terroren og ei påminning om kva som framleis står på spel – verdiar vi ikkje skal ta for gitt.

Mange kjenner at det har vore tungt å stå i denne kampen.

AUF-leiar Astrid W.E. Hoem sa i sin tale ved minnehøgtida at dei ti åra som har gått er historia om eit oppgjer som aldri kom. Fleire har gitt uttrykk for det same den siste tida.

Standpunktet reflekterer opplevinga AUF har hatt av å måtte bere ein altfor stor del av børa åleine. Dette er realitetar og ikkje berre ei kjensle. AUF-arar som har blitt hetsa, truga eller er stempla å slå politisk mynt på angrepet mot dei, har ikkje fått den støtta dei eller debatten fortener.

Dette har hemma det oppgjeret med terroristen sitt tankegods.

Når det høgreekstreme tankegodset heller har vorte meir alminneleg enn drive tilbake, er det også lett å føle at oppgjeret har mangla eller svikta.

Vi kan likevel ikkje la det siste vere den einaste målestokken. Kampen mot ekstremistisk og antidemokratisk tankegods er ikkje vunne den dagen det er drive under jorda eller bort frå kommentarfelta og sosiale media.

Oppgjeret kan berre målast på korleis vi står i dette oppgjeret kvar dag.

«Mørke kan ikkje drive bort mørke, berre lyset kan gjere det», er ein av bodskapane Martin Luther King jr. lét etter seg. I kampen mot høgreekstremt tankegods er dei humanistiske og demokratiske verdiane den fakkelen vi må tenne og den fana vi må bere.

Ytringsfridomen er kjernen i demokratiet. Paradoksalt nok er utvida høve til å ytre seg ein av årsakene til at hatprat og ekstremistisk tankegods er meir synleg i dag enn for eit par tiår sidan. Like paradoksalt er den same ytringsfridomen demokratiets fremste våpen.

Vi må bruke den til å svare, til å imøtegå og ta til motmæle.

Av og til er dette tungt. Særleg om det er nokon som står oss nær som målber haldningane, eller om vi møter ein storm av hets. Men det er nettopp når det blir tungt det er viktig, og det er nettopp når andre blir møtt slik, vi må stå saman med dei.

Demokratiet er kanskje sårbart, men ikkje svakt.