Dersom du skal bygge vinnarlag, kan du ikkje tvinge folk til å delta. Tvang skaper verken motivasjon eller samhald, og det blir vanskeleg å jobbe mot eit felles mål.

I 2017 vedtok Stortinget å gjere Haram til ein del av den nye storkommunen Ålesund. Den lokale motstanden vart ikkje lytta til, og mange opplevde tvangsekteskapet som eit overgrep. Dette var med på å gi den nye kommunen ein vanskeleg start, og to år med pandemi har ikkje gjort tilhøva lettare.

No får innbyggarane i gamle Haram ein ny sjanse til å seie si meining, og den sjansen må nyttast.

3. mars skal det gjennomførast rådgivande folkerøysting. Alle borgarar over 16 år i gamle Haram kommune kan stemme for om dei vil ha tilbake den gamle kommunen, eller om dei framleis vil vere ein del av Ålesund.

Sist torsdag vart det opna for førehandsrøysting, og det blir meldt om godt oppmøte. Det lovar godt. No er det avgjerande viktig at alle i gamle Haram nyttar høve til å seie si meining. Enkelte statsvitarar har omtalt folkerøystingar med ei valoppslutning på under 50 prosent som verdilause, og det vil vere svært synd om det skulle bli resultatet i Haram.

Storkommunen Ålesund har som mål å bli eit kraftsentrum mellom Bergen og Trondheim, som kan styrke Sunnmøre som ein av Norges mest attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Sentraliseringa til Osloområdet og andre store byar tappar regionen for viktig arbeidskraft, og derfor er det viktig å stå saman. Mange unge reiser ut, og kjem ikkje tilbake. Fleire kommunar har nedgang i folketal og underskot på kvinner, og ein sterk bykommune er viktig for å motverke denne tendensen. Dette var ein viktig motivasjon for å skape storkommunen.

Mykje positivt har skjedd siste åra. Ålesund er blitt universitetsby, har fått eit langt meir allsidig kulturtilbod, og så er Nordøyvegen endeleg blitt realisert. Samtidig er det mykje som ikkje er blitt betre. Å skulle slå saman fem tidlegare kommunar til ein stor felleskommune har vore eit krevjande prosjekt. Økonomiske vanskar har gjort prosessen ekstra smertefull. No ligg det an til reversering, og finansministeren lover å dekke alle kostnadar. Eit alternativ kunne vere å bruke pengane på å bygge den nye kommunen, men det kan ikkje skje på tvers av folkeviljen.

Tvangsekteskap har vist seg å vere ei dårleg løysing. No kan folk i Haram fritt ta stilling til kva kommunestruktur dei meiner er mest framtidsretta, og det rådet som folket gir, bør politikarane lytte til.