Bruk av tvungen lønsnemnd er eit alvorleg inngrep i partane i arbeidslivet sin rett til arbeidskamp. Lista for dette må ligge svært høgt.

Av og til er det likevel ikkje til å unngå.

Konflikta mellom NHO Luftfart og NFO (Norsk Flytekniker Organisasjon) er eit slikt døme. Sjansen for at dei kunne ta den inn for landing på eiga hand var mikroskopiske. Avstanden var for stor.

Ti dagar etter at dei første flyteknikarane gjekk ut i streik greip arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) inn med varsel om tvungen lønsnemnd.

Statens helsetilsyn hadde då varsla fare for liv og helse.

Det var det regjeringa måtte ha for å kunne gripe inn i ein fastlåst konflikt. Å la partane bruke meir tid på eiga hand, ville berre forlenge problema og styrke argumenta for lønsnemnd.

Både Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og The European Committe of Social Rights (ECSR) har fleire gongar retta kritikk mot norske styresmakter sin bruk av tvungen lønsnemd.

Kritikken har gått på at regjeringa har gjort seg skuldig i brot på Den europeiske sosialpakta eller at inngrepet har vore for drastisk.

Dette gjeld særleg i inngrep som har vore grunngjeve med at vitale samfunnsinteresser er sett i fare.

Streik og lockout er lovlege og likestilte kampmiddel i norsk arbeidsliv. Begge deler vil alltid ha store konsekvensar, også på tredjepart. Slik må det vere.

Utan dette ville streik og lockout vere sløve våpen.

Med denne makta følgjer det også ansvar. Det ansvaret skal ikkje staten vere for rask til overta. Først og fremst fordi det snevrar inn handlingsrommet til partane i lønskampen.

Men det kan også gjere at partane spekulerer i at staten løyser floken.

Straks ambulansefly blir sett på bakken og alternativ pasienttransport er utelukka, er vegen til tvungen lønsnemnd kort. To gongar dei to siste tiåra har konflikter som inkluderer ambulanseflya endt slik.

No kom den tredje.

NHO Luftfart sin lockout liknar på ei bestilling av tvungen lønsnemnd. NHO har også minst å tape. Rikslønsnemnda sin praksis er å lande det økonomiske i oppgjeret på nivå med samanliknbare grupper.

Med eit opphaveleg krav på 17 prosent lønsauke kan det bety krasjlanding for NFO, i alle fall økonomisk.

Eit krav milevis over rammene i lønsoppgjeret elles gjorde at ei mjuk landing var heilt usannsynleg. Denne utgangen må altså også NFO ta ansvar for.

Ingenting tyder heller på at partane kunne løyse dette, same kor lang tid dei sirkla rundt Riksmeklaren.

Då er det like greit at staten tar over stikka.