Det var hjarteskjerande å lese om opplevingane til Maria, Alisha, Pil og Arild i LGBT-miljøet på Sunnmøre. I ein avisreportasje 14. juli fortel dei om mykje hets og trakassering ganske enkelt fordi dei er den dei er. Og tør å vise det fram. «Kan du bare drepe deg selv» er ein av meldingane som transkvinna Maria frå Volda har fått. Det er verkeleg vondt. Slike ytringar er ikkje berre tomme ord, det gneg på mottakaren uansett. Absolutt ingen fortener å få slikt slengt mot seg.

På få år har det vore ei flott utvikling i Norge. Det blir knapt løfta eit augebryn når ein ny person kjem ut av skapet. Regnbogeflagg har blitt eit vanleg syn, og vitnar om eit meir tolerant samfunn. Men det finst skeptikarar og motkrefter, og somme av dei meir alvorlege enn andre — blant dei radikale islamistar som meiner homofile ikkje fortener å leve.

Sjølv om bakgrunnen for masseskytinga i Oslo 25. juni enno er uklar, er det likevel soleklart at det var lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) som vart råka. I Oslo blei pride-paraden avlyst, og heller ikkje i Møre og Romsdal fekk organisasjonen FRI arrangere fysisk årsmøte på grunn av terrorfaren. Men også før masseskytinga var mange redde, på grunn av det som blei opplevt som eit stadig hardare ordskifte om pride og kjønnsidentitet.

I vår erfarte Sunnmørsposten at det var vanskeleg å få LHBT-personar til å vere motstemmer i debatten. Å vere representant for ei mykje hetsa gruppe kan gjere deg til ei skyteskive — både metaforisk og bokstaveleg. Etter masseskytinga i Oslo har likevel fleire modig valt å stå fram med sine historier, for å fortelje at kampen om å bli akseptert er langt frå over.

I avisreportasjen 14. juli kom det fram at unge krefter no ønsker å få på plass ein møteplass for skeive i Ålesund. Det er veldig positivt. Det bør ikkje vere slik at unge føler dei må flykte til storbyane for å få styrke i eit fellesskap og tørre å vere seg sjølve.

Like fullt ligg ansvaret på oss alle, også dei av oss som ikkje kjenner på hetsen og dei skeptiske blikka.

I eit fritt demokrati skal det sjølvsagt vere takhøgd for å drøfte alle tema, og til å stille kritiske spørsmål. Det kan likevel ikkje bli sagt ofte nok: Vi har alle eit ansvar for måten vi ytrar oss på. I spørsmål som går direkte på nokon sin personlege identitet og sjølvkjensle, skal ein trø varsamt. Absolutt ingen fortener hets.