Oljeprisen har falle bratt dei siste dagane. Ikkje noko tyder likevel på at den vil bli «normal» med det første.

For fleire næringar er dette dramatisk.

Nokre slit allereie tungt. Fiskebåtar og frakteskip kan bli lagt til kai fordi drifta ikkje blir lønsam. Transportselskap må skru opp prisane kraftig. Kostnadane for samfunnet kan bli store.

Staten og petroleumsnæringa får uvanleg store inntekter av den høge oljeprisen. Næringar som brukar mykje olje, må betale dyrt.

Mange bedrifter blør.

Landbruk, fiskeri, nærskipsfart, luftfart og transportnæringa vil slite tungt. For slike som frå før sleit med marginane, kan det bli snakk om eit vere eller ikkje vere.

Flyselskapa hadde ein tøff turbulens under pandemien. No får dei ein ny. SAS kan bli nøydde til å skru opp prisen med ti prosent for å dekkje ekstra kostnader på fleire milliardar.

Selskap som transporterer varer langs veg varslar ein tilsvarande prisvekst.

Landbruket står i dobbel skvis.

Høge gjødselprisar har blitt enså høgre på grunn av krigen i Ukraina. No kjem altså eit nytt hopp i prisen på diesel for ei næring som alt i fjor var i opprør.

Ikkje alle kan sende rekninga vidare til sine kundar. Reiarlag både i nærskipsfart og fiske vurderer no å leggje til kai, rett og slett fordi drifta går i minus på grunn av høg pris på bunkers.

Først råkar dette reiarlag og arbeidsplassar.

Men den samfunnsmessige kostnaden kan også bli stor. 46 prosent av all godstransport går langs kysten med skip. Stoppar delar av denne eller blir raskt vesentleg dyrare, får det store negative ringverknader for heile kysten — og landet.

Delar av fiskeflåten sleit med høge drivstoffkostnader og låg lønsemd allereie i fjor. Blir prisane på bunkers endå høgre no, går fleire fiskeri mot ei krise.

Noregs Fiskarlag og Fiskebåt har slått alarm.

Fiskarlaget meiner at det er fare for at berre hovudsesongane i makrell-, sildenot- og torskefisket vil bli lønsame på sikt. Det vil råke både det enkelte reiarlag, arbeidsplassar og den samla verdiskapinga.

Staten kan ikkje plukke opp alle krise-rekningar til ei kvar tid. Kriser er ein naturleg del av samfunns- og næringslivet som vi alle bør ha ein buffer for å takle.

Krisa som råkar no, er likevel ekstraordinær. For delar av næringslivet er den på line med koronapandemien. Vi må snakke om meir enn pumpeprisen på diesel på veg til hytta. Regjeringa må snarast ha ein plan for tiltak.

Ellers kan krisa bli unødvendig djup og lang.