Sogn og Fjordane fylkeskommune har hamna i ureint farvatn. Prosessen fram til vedtaket om sal av fylket sin eigardel i Fjord1 har følgt ein kurs som mannskapet ikkje har vore rusta for å takle.

Fylkestinget vedtok måndag sal til Torghatten med knappast mogeleg fleirtal. Saka er sagt å vere ei av dei viktigaste i fylket på tiår. Likevel fekk fleirtalet av fylkestinget sine medlemmar berre tre timar på å setje seg inn i dei kompliserte sakspapira.

Professor Frank Aarebrot kallar det forakt for den folkevalde forsamlinga. Fleire fylkestingsrepresentantar har også sagt at dei ikkje hadde god nok tid til å setje seg inn i saka. Dette er berre ei av årsakene til at det er all grunn til å stille spørsmålsteikn ved sakshandsaminga.

I går toppa nemleg dramaet seg med at både administrerande direktør og store delar av styret trakk seg. Dei reagerer på at fylkeskommunen sel kontrollen over Fjord1 til den største konkurrenten utan å ha spurt selskapet sjølv om råd.

I beste fall er dette ein svært uklok framgangsmåte i ei slik sak, både av omsyn lova, til eigne interesser og interessene til selskapet og minoritetseigar. Selskapet si vurdering av kva som er best for selskapet, må takast med i ei slik avgjerd.

Måten fylkeskommunen har agert på for å setje minioritetseigaren sin forkjøpsrett til side, er også tvilsam. Fylkeskommunen har her operert i ei gråsone både juridisk og moralsk på ein måte som går på truverdet laus og ikkje tener ein offentleg eigar til ære.

Mange er skeptiske til offentleg eigarskap i kommersielle selskap av prinsipielle grunnar. Denne saka syner at også praktiske grunnar kan tale mot.

Ein ting er å styre ei skute midtfjords i godvêr. Noko heilt anna er det å ta roret når det stormar i ei paddemark av eit ukjent farvatn. Då trengst det kompetente kapteinar som kjenner farane og veit korleis kursen må setjast. Slike kapteinar har ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune hatt her.

No bør denne saka granskast, både gjennom lovlegkontroll av vedtaket og gjennom prøving i retten. I tillegg bør administrasjon og politisk leiing få sjekka sitt moralske kompass. Tilhøvet til konkurranselova er alvorleg nok, men blir her likevel som ein parentes.