Framleis er kristendom den religionen som står sterkast i Norge. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Den norske kyrkja har over 3,5 millionar medlemmar, noko som tilsvarer 65 prosent av befolkninga. I fjor fall medlemstalet med 129.000, og det er rekordhøgt i høve til tidlegare. Sidan 2014 har Den norske kyrkje mista mellom 16.000 og 24.000 medlemmar årleg.

Den store tilbakegangen i fjor blir forklart med regelendring. Det vil seie avvikling av ei ordning som automatisk registrerte nyfødde som medlemmar, dersom foreldra var med i kyrkja. Det er det slutt på. For å bli medlem må ein anten vere døypt, eller aktivt meldt seg inn. Det er positivt at dette er rydda opp i, slik at ingen står som medlem utan at ein ønskjer det.

Talet på medlemmar i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkje auka med vel 20.000 medlemmar siste året. Det er verdt å merke seg at dei fleste av desse er kristne. I fjor var det 374.000 medlemmar i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkje, og mellom dei er det fleste katolikkar og pinsevennar. Av dei ikkje-kristne trussamfunna er det flest muslimske (176.000 medlemmar) og livssynssamfunn som Human Etisk Forbund (106.807). Deretter kjem mindre trussamfunn som buddhisme, hinduisme, sikhisme og jødedom.

Ei undersøking i fjor viste at sjølv om ungdom er minst religiøse, er dei mest positive til den rolla trussamfunn har i samfunnet. Ved å bli kjent med folk frå ulike religionar kan den enkelte bli meir medviten på kva ein sjølv trur på. Samfunnet er blitt meir mangfaldig, og det er positivt med auka kunnskap om ulike religionar.

Grunnlova slår fast at innbyggarane fritt skal kunne velje kva religion dei skal tilhøyre. I 2012 vart ordninga med statskyrkje avvikla, men Den norske kyrkje, har framleis ei særstilling som Norges folkekyrkje.

Sjølv om 65 prosent av befolkninga er med i Den norske kyrkje, så er det relativt få som går til gudsteneste. Frå 6,7 millionar gudstenestebesøk i 2005 har talet gått ned kvart år til 5,2 millionar i 2019. Berre rundt 10 prosent går til gudsteneste eller andre kristne møte minst ein gong i månaden, i følge SSB.

Kristendommen har hatt stor betydning for utviklinga av Norge. For alle som er opptatt av at den også skal spele ei viktig rolle i framtida, bør den låge deltakinga vere eit tankekors.