I dag er det endeleg tid for ein gedigen folkefest på Nordøyane. Nordøyvegen blir offisielt opna og knyter fem øyar saman – med kvarandre og med fastlandet.

Festen set punktum for ein lang kamp for ny veg, men aller mest for ei ny framtid.

For både folk og næringsliv vil sambandet gi ein heilt anna kvardag og ein ny giv. Festen i dag er ei feiring av både pågangsmot og optimisme.

Nordøyvegen gir fast vegsamband til over 2.700 innbyggarar og eit sterkt næringsliv. Alt før opningsdagen har den gitt store positive ringverknader.

Bygginga har gitt inntekter for 1,16 milliardar til lokalt næringsliv.

Både hovudentreprenør Skanska og underentreprenørar har i stor grad gjort nytte av lokale bedrifter. I tillegg til direkte inntekter har dette gitt bedriftene erfaring og kompetanse som styrkar dei for framtidig konkurranse.

Likevel: Det er no det startar for alvor. Frå i dag skal sambandet gjere den viktige jobben med å utvikle øysamfunnet, i lag med folket og næringslivet der.

For bedriftene på Nordøyane vil sambandet gi ein meir effektiv transport og produksjon. Mindre ventetid og større fleksibilitet gjer det enklare å få råvarer inn og ferdige produkt ut.

Tilgangen på arbeidskraft kan også bli letta. Håpet er at Nordøyvegen vil styrke både busetjing, sysselsetting og verdiskaping.

Vegen hit har vore alt anna enn enkel. Den har vore full av både tunge motbakkar og bratte nedturar. Det har ikkje vore sjølvsagt at draumen skulle gå i oppfylling.

Frå dei første planane om ei bru til Lepsøya på 70-talet til fylkestinget i Møre og Romsdal med knapt fleirtal sa endeleg ja i 2018, har det vore ein hard kamp.

I spissen for denne har det stått eldsjeler med eit ubøyeleg pågangsmot og stor kreativitet. Utan desse ville det ikkje ha vore fest på Nordøyane i dag.

Nordøyvegen har også vore med på å få fram nye måtar å finansiere slike prosjekt på, slik som ferjeavløysingsordninga som kom på plass i 2016.

Viljen til å betale bompengar var stor for å få prosjektet realisert. Likevel kjennast det tungt at staten så langt ikkje stiller opp på same måte som for ferjeavhengige samfunn som no får billegare eller gratis ferje.

Men den kampen er enno ikkje tapt.

På ein festdag som dette skal likevel ikkje dette skugge over betydninga av det tidsskiftet Nordøyane står framfor no. For å seie det med Bob Dylan i gjendikting av Jan Erik Vold:

«d’er ei ny tid som tar over»

Gratulerer med dagen!