Sunnmørsposten har fortalt historia om Harald Lillebø som har fått avslag på fornying av parkeringskort, sjølv om han har mista begge beina og er avhengig av rullestol. Kommunen meiner det ikkje er dokumentert godt nok at han har behov for parkeringslette.

Denne saka har opprørt mange, med rette, fordi det er vanskeleg å forstå grunngjevinga. Eit vilkår for å få parkeringskort på HC-plass, er at vedkomande ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde. Kommunen meiner at dei ikkje kan gi løyve til søkarar som berre har behov for parkeringslette enkelte gonger, og viser til forskrifta om parkeringstillatelse for forflytningshemmede som trådde i kraft 1. januar 2017.

Ifølge forskrifta kan kommunen også gi parkeringsløyve til passasjer som regelmessig treng hjelp av «fører utenfor motorvogn og som har særlig behov i samband med bosted, arbeid og/eller annen aktivitet fordi vedkommende ikke kan gå eller har store vansker med å bevege seg over noen lengde.»

Striden står om tolkinga av ordet «regelmessig», og korleis dette skal kunne dokumenterast i praksis. Poenget med formuleringa er at funksjonsfriske ikkje skal sikre seg permanent parkeringsbevis, fordi dei av og til er sjåfør for ein person i rullestol. Det er behov for klare reglar og godt skjønn, når eit gode det er mangel på skal delast ut.

Harald Lillebø mista beina etter ein operasjon i Trondheim, då han måtte amputere for å berge livet. Det var tilfeldig at han tidlegare i år oppdaga at HC-kortet han fekk etter operasjonen i 2014, hadde gått ut på dato. Han trudde kortet skulle vare livet ut, for beina veks ikkje ut igjen.

Å fornye parkeringskortet burde ha vore ein formalitet, men er blitt ei heilt unødvendig tilleggsbelastning. Lillebø er ikkje den einaste som slit med å forstå kva kommunen meiner må til for å oppfylle vilkåra for å få parkeringskort.

Skal han verkeleg måtte føre opp alle avtalar om legebesøk og framtidige handleturar? Kommunen har plikt til å opplyse og rettleie, og då er det ikkje alltid nok å sende eit skjema i posten, og be vedkomande fylle det ut. Med litt smidigare behandling og betre informasjon, kunne denne saka vore løyst for lenge sidan.

Takka vere Harald Lillebø som har fortalt si historie, har saka kome på den politiske dagsorden. Kommunestyret skal vurdere om det er behov for lokale justeringar av det nasjonale regelverket, for å unngå uheldige situasjonar i framtida. Det vil kome fleire til gode.