Psykisk sjuke barnevernsbarn som treng stabilitet og trygge vaksne, blir sendt landet rundt som pakkepost. Mange får ikkje den helsehjelpa dei treng, og blir kasteballar mellom barnevern og psykisk helsevern. Dette er essensen i ei gransking som Aftenposten har gjennomført, og som må føre til politisk handling.

Barn har grunnleggande behov for tryggleik, omsorg og faste rammer. Av den grunn meiner barnevernet at det ikkje er forsvarleg å flytte barn, som er under barnevernets omsorg, meir enn fire gonger. Likevel viser Aftenpostens undersøking at 261 barn som budde på barnevernsinstitusjonar i 2020 og 2021 vart flytta til saman 2000 gonger sidan dei kom inn under barnevernets omsorg. Dei budde i snitt berre 60 dagar på kvar stad. 32 barn vart flytta minst ti gonger kvar.

Ei av dei er tenåringen «Emma» som kjem frå ein liten kommune på Vestlandet. På under tre år måtte ho flytte 15 gonger mellom ulike institusjonar og kommunar på Vestlandet, Sørlandet og Austlandet. Ho har hatt kontakt med godt over 100 tilsette på dei institusjonane ho har budd på. Så mange oppbrot, er naturlegvis ei stor påkjenning. For «Emma» som vart omtalt som ein omsorgsfull, sosial, og godt likt tenåring av ein lærar for nokre år sidan, har utviklinga gått feil veg. Ho har tatt kvelartak på tilsette, skada seg sjølv, rømt gjentatte gonger, og utvikla livsfarleg rusmisbruk på ein lukka barnevernsinstitusjon.

Det er djupt tragisk at barn som treng hjelp, blir sjukare i møte med barnevernet. Sjølv om tilsette enkeltvis kan utføre ein glimrande jobb, kan dei likevel mislykkast, fordi systemet er bygd på feil premissar.

Då Aftenposten starta sine undersøkingar var det ingen som kunne svare på kor mange barn med samansette lidingar som hamna i barnevernet. Ingen etatar hadde undersøkt, og det er oppsiktsvekkande. Når ein manglar oversikta, veit ein heller ikkje kva hjelpetiltak det er behov for.

Dette er offentleg omsorgssvikt.

Etter Aftenpostens avsløringar lover både barne- og familieminister Kjersti Toppe og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol at det skal ryddast opp. Barne- og familieministeren krev gransking, og helseministeren lover fleire sengeplassar. Det er i dag ingen langtidsplassar for psykisk sjuke barn. Enkelte av barna burde aldri ha vore i barnevernet, men heller fått psykiatrisk hjelp i sitt nærområde. Her er det mykje å ta fatt i. Å sikre betre hjelp til desse sårbare barna, må bli ei prioritert oppgåve for regjeringa.