Regjeringa vil stanse nedbygginga av dyrka og dyrkbar mark. Derfor ber den kommunane om å nekte utbygging av jordbruksareal.

Målet er det ingenting å seie på.

Kor effektivt det er å skubbe kommunane framfor seg slik, er meir diskutabelt. Spriket mellom nasjonale mål for jordvern og det som er oppnådd, tyder ikkje på at ein slik peikefinger vil ha effekt.

Strenge peikefingrar har nemleg ikkje vore mangelvare dei siste tiåra. Vekslande regjeringar har sett nye mål om kor liten nedbygging av matjord vi skal tolerere. Ein viss effekt har det hatt, men framleis skjer det i stor stil.

Kvart år blir nærare 8.000 dekar lagt under asfalt, bustader eller næringsområde.

Dette er ein ressurs som er tapt for alltid.

Krigen i Ukraina bør vere ein vekkjar for oss. Ukraina er saman med Russland ein av verda sine største eksportørar av matkveite. Krigen vil føre til både mangel og høgare prisar på verdsmarknaden.

I Norge er berre rundt tre prosent av arealet eigna til matproduksjon. Berre ein prosent kan brukast til å dyrke matkorn.

For rike land som Norge gir ikkje krigen i Ukraina ein like kritisk forsyningssituasjon som for mange fattigare land. Likevel understrekar dette behovet for at også vi må trygge vår eigen matproduksjon og sjølvforsyning.

Trenden dei siste tiåra har vore positiv, men framleis er det langt fram. Ynsket om å få nye vegar, bustadar og arbeidsplassar vinn stadig over verneinteressene.

Størst er presset i dei store jordbruksdistrikta i Rogaland og på Austlandet.

Mesteparten av bustadbygginga på jordbruksareal skjer i eller rett utanfor tettstadar. Ein ikkje uvesentleg del skjer ifølgje Statistisk sentralbyrå også fordi bøndene omdisponerer areal.

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) og kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) si oppfordring til kommunane om å nekte utbygging av matjord er eit uttrykk for uro over denne utviklinga.

Likevel er ikkje dette noko anna enn å be kommunane om å følgje jordlova.

Den seier at dyrka jord ikkje må brukast til anna enn jordbruk, og at den ikkje bør disponerast slik at ho ikkje er eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

Vi kan samanlikne dette med at samferdselsministeren skulle be bilistane om å halde fartsgrensene. Det er ikkje noko gale i det, men det får neppe utslag på UP-kontrollane.

Vil regjeringa verkeleg gjere eit krafttak, må handhevinga av lova strammast inn. Det må bli vanskelegare å gjere unntak.

Det betyr mindre makt til lokaldemokratiet.

Så spørst det om dei same statsrådane er villige til å seie det.