Nyleg kom ei undersøking som viste at dobbelt så mange gutar som jenter ikkje leste ei einaste bok i fjor; 17 mot 9 prosent. Tala går fram av Ipsos-rapporten Barn og Ungdom i 2022, som først vart omtalt i Aftenposten.

Isolert sett kan det verke ubetydeleg at færre gutar enn jenter les bøker. Men undersøkinga stadfestar andre funn. Ifølgje Pisa-undersøking frå 2018 var leseferdigheita hos kvar fjerde 15-årige gut så dårleg, at den låg under kritisk grense for å kunne delta i jobb og vidare utdanning. Det gir grunn til uro.

God mengdetrening i lesing, er nødvendig for at barn og unge skal utvikle evna til å forstå tekstar, som er avgjerande for at dei skal kunne klare seg gjennom utdanning og arbeidsliv. Svake leseferdigheiter fører til at ein lettare fell utanfor fellesskapet, og derfor er det eit samfunnsproblem.

Nesten 70 prosent av dei som treng spesialundervisning i grunnskulen er gutar, og gutane toppar fleire negative statistikkar. Det er fleire jenter enn gutar som fullfører vidaregåande skule, jentene får generelt betre karakterar, og flest kvinner tek høgare utdanning.

Ein av konklusjonane i rapporten til Stoltenbergutvalget frå 2019, er at jenter og gutar startar på skulen med små skilnadar i leseferdigheit, men så aukar det på gjennom grunnskulen. Problemet er på ingen måte at jentene gjer det godt, for det er resultat av ei positiv utvikling. Problemet er at mange gutar slit med å klare seg. La det også vere sagt at det finst lesesterke gutar, og lesesvake jenter, så alt handlar ikkje om kjønn. Barn som aldri blir lest for, går glipp av noko viktig.

Av Ipsos-rapporten går det fram at 15 prosent av gutane og 9 prosent av jentene mellom 8 og 11 år ikkje er blitt lest for. Den delen som ikkje les bøker, aukar kraftig i overgangen mellom barndom og ungdomstid.

Å lese skjønnlitteratur hjelper barn til å sjå på verda gjennom andre sine augo, til å utvikle den emosjonelle og etiske kompetansen, og til å forstå seg sjølv og omverda betre. Å lese kan gi stor glede og mange opplevingar. Derfor er det viktig å vekke leselysta til barna, og det er ei oppgåve både for forlag, bibliotek, skule – og ikkje minst foreldre og besteforeldre. Leseferdigheiter løyser ikkje alle problem, men kan vere eitt av fleire forhold som det går an å gjere noko med, for å auke livskvaliteten til den enkelte.

For mange vaksne er sommaren lesetid, og det kan også bli tida då leselysta blir tent hos fleire barn og unge.