Bøndene sine krav i årets jordbruksoppgjer har aldri før vore så høgt. 11,5 milliardar er over tre gongar så mykje som det hittil høgste kravet i 2008. Bak bondelagsleiarane står frustrerte bønder med skyhøge forventningar.

Dei kan det bli tøft å innfri.

Senterpartiet sin planlagde parademarsj framfor eigne kjerneveljarar kan ende opp i ein kanossagang mellom sinte aksjonistar, sjølv om bøndene kan få sitt beste oppgjer på lang tid.

Ei samanlikning med fjoråret er ein god illustrasjon på utfordringa. Då var kravet på 2,1 milliardar, staten sitt tilbod var på under ein milliard og oppgjeret vart avgjort med diktat i Stortinget.

Når kravet i år er mangedobla, har det mange årsaker.

Først handlar dette om mange års oppdemt frustrasjon og sinne, eit inntektsgap til andre som har auka det siste året og sterkt håp om at Senterpartiet skal ordne opp. I tillegg har bøndene fått ein eksplosiv kostnadsvekst på straum, drivstoff og gjødsel.

Krigen i Ukraina har i tillegg gjort sjølvforsyning og mattryggleik til eit endå sterkare forhandlingskort enn tidlegare. Landbruksminister Sandra Borch (Sp) kjenner også pusten fjorårets bondeopprør og eigne vallovnader i nakken.

Lett blir det likevel ikkje.

Det høgste kravet i historia var frå før i 1976. Rekna i dagens kroneverdi var det på nær 10 milliardar. Den gong vart ei ny retning i landbrukspolitikken resultatet etter at Stortinget vedtok ein opptrappingsplan som skulle tette inntektsgapet til i løpet av seks år.

I dag, 46 år etter dette, er målet det same.

Bøndene sine organisasjonar meiner at staten må bla opp med meir enn ni milliardar over to år i dette oppgjeret, der litt over åtte må kome i år. Resten skal takast ut i auka pris.

Sett i høve til at det har gått meir enn fire tiår utan at inntektstapet er tetta, er kravet forståeleg.

Likevel er dette å spenne forventingane farleg høgt.

Ein del av taktikken er truleg å gi Senterpartiet mest mogeleg draghjelp for å leggje press på Arbeidarpartiet. For ein Jonas Gahr Støre som gjorde alt valkampen for å ta tilbake tapte distriktsveljarar, vil det gjere inntrykk, men neppe nok til å kome i nærleiken av bøndene sitt krav.

Sjølv eit oppgjer som ligg over bøndene sine årlege krav dei seinare tiåra, vil bli oppfatta som ein gedigen nedtur.

For Senterpartiet kan det bli eit nytt lodd om foten på veg ned mot botnen på meiningsmålingane.