Formålet med barnevernsreforma, som trer i kraft 1. januar, er å styrke rettstryggleiken til barn og foreldre, og auke innsatsen på førebygging.

Reforma gir kommunane større ansvar for barnevern, både fagleg og økonomisk, og får konsekvensar for heile oppvekstsektoren.

I dag er ansvaret for barnevernet delt mellom stat og kommune på ein måte som skaper utydelege ansvarsliner. Manglande samarbeid på tvers av etatar og uklare ansvarsforhold råkar først og fremst barna som treng hjelp. Det er tragisk når barn blir kasteballar i eit system der ingen har det overordna ansvaret, og alle skuldar på kvarandre.

Ofte går det for lang tid før bekymringsmeldingar om barn blir sendt til barnevernet. Om lag fem prosent av alle barn og unge i Norge veks opp i heimar prega av mishandling og/eller omsorgssvikt. Desse barna har auka risiko for å bli utsett for vald og mobbing, og blir oftare sjuke. Dess lenger omsorgssvikten varer, dess alvorlegare kan barnet bli skada. Prognosane er likevel gode, dersom barn og unge får omsorg frå pålitelege vaksne, og nødvendig helsehjelp til å kome seg vidare.

Bakgrunnen for at meir ansvar på barnevernsområdet no blir flytta til kommunane, er at nærleiken til barn og familiar gjer det lettare å tilpasse hjelpetiltaka til lokale behov. Ved å samordne innsatsen som blir gjort i barnehage, skule, helsestasjon og PP-teneste kan barnevernet sørge for at barn og familiar som slit får hjelp, før dei blir «saker» i barnevernet. Tidleg innsats er først og fremst investering i livskvalitet, men det er også ei investering som kan spare kommunen for store summar seinare.

Det blir krav om årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret, slik at dei folkevalde kan halde seg godt orientert om forholda. Det må også utarbeidast planar for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsproblem. Det overordna ansvaret for barnevernet blir plassert hos den øvste politiske og administrative leiinga i kommunen, og det er positivt. Ingen skal vere i tvil om kven som har ansvar for at lovpålagde oppgåver blir løyst.

Intensjonen med reforma er god, men det er ikkje nok. No er det viktig å sikre fullfinansiering, slik at kommunane kan gjennomføre nødvendige omstillingar. Det kan ta tid å snu innsatsen frå reparasjon til førebygging.

Reforma bidrar til å auke merksemda om barns oppvekstvilkår, og løfter barnevern høgare på den kommunale dagsorden. Det kan gi fleire barn ein betre start på livet.