Høg vegstandard og godt vedlikehald gir færre ulykker og tap av liv i trafikken. Dårleg standard og vedlikehald bergar liv.

Både sunn forstand og statistikken stadfestar dette.

Samferdselsministeren treng ikkje vente på djupneanalyser av dødsulykkene i år for å få dette svaret. Det betyr likevel ikkje at han bør droppe planane om å fire på standarkrava på nye motorvegar.

Regjeringa ba i januar Statens vegvesen om å vurdere endringar i den såkalla vegnormalen. I mai kom svaret om heve terskelen for å byggje motorveg med fartsgrense på 110 kilometer i timen.

I staden kan det byggjast meir smale motorvegar eller ein kombinasjon av to- og trefelts veg med lågare fartsgrense.

Slik vil vegvesenet redusere kostnadane og auke samfunnsnytten.

Etter ei urovekkjande auke i talet på dødsulykker i år, er det fleire som har stilt spørsmål ved om dette er rette vegen å gå. Frank Sve (Frp), nestleiar i transportkomiteen i Stortinget, er ein av dei.

Sve meiner at motorveg-slankinga må revurderast.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) er ikkje med på den konklusjonen. Utan analyser av dødsulykkene i sommar, meiner han det ikkje finst haldepunkt for at dei har samanheng med vegstandarden.

Førarfeil er den vanlegaste årsaka til dødsulykker i trafikken. Faktorar knytt til «veg og vegmiljø» kjem på andre plass. Ved heile 14 prosent av ulykkene er slike forhold medverkande til utfallet.

Dårleg vedlikehald — sommar som vinter, feil ved autovern, farleg sideterreng og ugunstig linjeføring og kurvatur gjer at vi får fleire ulykker og at dei blir meir alvorlege.

At redusert standard aukar risikoen på den enkelte strekning er udiskutabelt.

Isolert sett — strekning for strekning og utan kompenserande tiltak, vil altså konsekvensen den foreslåtte endringa av vegnormalen føre til fleire døde og fleire alvorleg skadde. Så langt har Sve heilt rett.

Redusert fartsgrense og andre tiltak kan likevel motvirke dette.

Ein kan heller ikkje berre måle dette strekningsvis opp mot kva ein kunne fått til med å velje ein høgre vegstandard.

Alle nye prosjekt vil erstatte vegar med lågare standard og høgre ulykkesrisiko.

Slik vil prosjekta kvar for seg gi oss tryggare veg enn vi har i dag. Om endringa i vegnormalen i tillegg gjer at vi kan byggje fleire kilometer med ny veg, vil det kunne gi tryggare veg for fleire.

Summen kan altså bli at den nye vegnormalen gir færre dødsulykker totalt sett.

Men då må ikkje heile innsparinga gå til kutt i vegbygginga.