Krigen i Ukraina har for alvor vist oss verdien av faktasjekk, kjeldekritikk og uavhengige, redaktørstyrte medium. I Russland får innbyggarane Putins versjon av krigen i Ukraina, og berre den. Ei ny medielov i Russland gjer det straffbart å spreie det staten meiner er falske nyheiter, og folk risikerer inntil 15 års fengsel for feil bruk av ord.

Det er særleg dei to statlege kanalane Sputnik og RT (Russia Today) som president Vladimir Putin bruker til å spreie propaganda om krigen i Ukraina.

Dette er bakgrunnen for at fleire europeiske land har bestemt seg for å stenge ute desse kanalane. EUs sanksjonspakke for Russland omfattar blokkering av desse kanalane slik at dei ikkje kan overføre innhald via TV og internett til EUs medlemsland. Under sin tale i Stortinget før helga sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at regjeringa førebels ikkje vil blokkere desse mediekanalane, men vil gjennomføre ei grundig vurdering av spørsmålet.

Vi meiner Norge må seie klart og tydeleg nei til sensur av russiske media. Vi må halde fast på dei grunnleggande verdiane som pressefridom og ytringsfridom, også i ei krisetid.

Putins løgner og desinformasjon må avslørast med fakta og uavhengige undersøkingar, ikkje med blokkering. For nettopp det kan Putin bruke til å legitimere sin eigen sensur. Det er dessutan nyttig å få vite kva slags verdsbilde som den russiske befolkninga blir presentert for.

Forfattar og filmskapar Peter Pomerantsev, har studert russisk propaganda og informasjonskrig i mange år. I eit intervju med nrk.no seier han at målet for Putins propaganda ikkje nødvendigvis er å få russarane til å tru på den statlege propagandaen. Målet er å få dei til å tvile på alt, til å ikkje vite kva som er sant og usant. På den måten kan folk bli likegyldige, og den sterke leiaren kan få det som han vil.

Det var nett slik statsvitaren Hannah Arendt definerte propagandaens mål i 1951: «Dersom alle alltid lyg til deg, er ikkje konsekvensane at du trur på løgnene, men at du ikkje trur på noko lenger. Eit folk som ikkje lenger kan tru på noko, kan ikkje bestemme seg (….) Med eit slikt folk kan du gjere kva du vil».

Norge er i den heldige situasjon at vi har eit mangfald av lokale, regionale og nasjonale medium som kvar dag jobbar med å dokumentere det som skjer, søke etter sanning og få fram fakta. Dette mediemangfaldet er avgjerande for at vi har eit velfungerande demokrati. Denne helga har Landslaget for lokalaviser hatt landsmøte i Ålesund, og over 250 mediearbeidarar har vore samla til debatt, inspirasjon og foredrag. Oppgåva til det enkelte mediehus har aldri vore viktigare, fordi mediemangfaldet bidrar til å styrke motstandskrafta vår. Medisinen mot propaganda er kritisk, uavhengig journalistikk, ikkje sensur.