Mykje står på spel under FNs naturtoppmøte COP 15 som går føre seg i Montreal i Canada i desse dagar. Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt, og no hastar det med tiltak for å stanse tapet av natur. Det finstemte skaparverket forsyner oss med alt vi treng for å leve; mat, vatn, luft og energi. Målet med toppmøtet er få verdas nasjonar til å bli einige om ein sterk, tydeleg og bindande naturavtale som sikrar framtida for kloden vår.

Tap av natur går stadig raskare. Verdas bestand av ville dyr har gått ned med om lag 68 prosent sidan 1970, og 1 million plante- og dyreartar er i ferd med å døy ut. Problemet er at vi menneske forbruker altfor mykje, og vi tek for stor plass. Naturkrisa og klimakrisa heng tett saman, og forsterkar kvarandre. Berre sidan 2015 har talet på artar som blir påverka negativt av klimaendringane i Norge dobla seg. Samtidig er naturen verdas beste klimatiltak, fordi den fangar og lagrar over halvparten av alt karbon som vi menneske slepp ut.

-Krigen vi fører mot naturen er ein krig mot oss sjølve, sa FNs generalsekretær António Guterres i samband med opninga av toppmøtet. – Vi treng regjeringar som lager ambisiøse nasjonale handlingsplanar som vernar naturen sine gåver. Vi treng bedrifter og investorar som set naturen først i forretningsplanane sine, og investerer i berekraftige løysingar.

Nettopp det at naturtapet også får store konsekvensar for næringslivet, er tema for rapporten som Deloitte Norge har laga på oppdrag for Verdas Naturfond, WWF. I rapporten blir det mellom anna peika på behovet for naturbaserte løysingar, som utnyttar naturens eigne prosessar i produktutviklinga, og bedrifter får god innføring i arbeidet med å redusere naturrisiko. Rapporten er viktig lesing for alle som er opptatt av bedrifter og næringsutvikling. Naturavtalen som no blir diskutert i Montreal, kjem truleg til å innehalde krav om redusert forbruk, strengare miljøomsyn, vern av meir natur og endringar i måten vi driv næringsverksemd på. Det handlar om at omsynet til naturen må kome først. Ved å halde seg godt orientert, og tilpasse seg nye krav, kan lokale bedrifter skaffe seg forsprang i den internasjonale konkurransen.

Visjonen er at vi innan 2050 skal leve i harmoni med naturen. Det vil seie at vi har klart å stoppe og reversere tapet av naturmangfald, og lagt til rette for restaurering av naturen. For å lukkast, er det behov for ein forpliktande naturavtale over landegrensene.

Ved å halde seg godt orientert, og tilpasse seg nye krav, kan lokale bedrifter skaffe seg forsprang i den internasjonale konkurransen