Tysdag feira folk og næringsliv i Geiranger, Stryn og Sjåk vedtaket i Stortinget om å ta ny Strynefjellsveg inn i Nasjonal transportplan. Det er ei feiring som endå fleire bør slutte seg til.

Investeringa vil gi heile landsdelen eit løft.

Ny veg mellom Sjåk og Stryn er eit viktig bidrag for å styrke næringsliv og busetnad i Nordfjord og Søre Sunnmøre. Rassikker heilårsveg til Geiranger er avgjerande for å vidareutvikle landsdelen sin viktigaste reiselivsdestinasjon.

Strynefjellsvegen er den kortaste vegen for transport av varer mellom Søre Sunnmøre og Nordfjord og Austlandet. Vegen er på ingen måte dimensjonert for dagens trafikk og køyretøy.

Det tydelegaste dømet på dette er dei tronge og mørke tunnelane, der det knapt er råd for to vogntog å møte kvarandre på trygt vis. I tillegg har dårleg vegstandard og vinterstenging av vegen mot Geiranger vore ein propp for utviklinga av ein heil region.

Den proppen kan no bli fjerna.

Når bygdefolket i Geiranger markerte tysdagens vedtak i Stortinget med kakefest, er det ei feiring av ei ny framtid og eit førebels punktum for ein svært lang kamp for å få rassikker og trygg heilårsveg.

Prosjektet er kostnadsrekna til 4,4 milliardar. Desse pengane låg ikkje inne i regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan, men vart tatt inn under Stortinget si handsaming av planen. Det skjedde som eit resultat av press frå opposisjonen.

I eit valår er det mange som ynskjer å ta æra for dette.

Størst ære må likevel bli gitt til dei mange lokalt, både frå politikk og næringsliv, som i år etter år har arbeidd hardt for å få dette prosjektet fram. Alle kommunar på søre og indre Sunnmøre og i Nordfjord stod også, saman med tre fylkesting, bak prosjektet.

At prosjektet no er inne i Nasjonal transportplan med oppstart i første del av planen, betyr ikkje at kampen er endeleg over.

Sluttspurten fram til anleggsstart står framleis att.

Fram dit er det ikkje heilt fritt for snubletrådar. Prosjektet må ha startløyving i statsbudsjettet. Hard kamp om samferdslekronene kan føre til nye utsettingar.

Det kan også kome ny diskusjon om finansieringa av sidearma til Geiranger, sidan dette er ein fylkeskommunal veg. Dette kan skje sjølv om fleirtalet på Stortinget i dag er klare på at dette må vere ein del av den statlege totalpakken.

Kjem dette i spel, handlar det ikkje berre om å sette eit vegsamband til folket i Geiranger i fare.

Blir denne sidearma teken ut, forsvinn også ein betydeleg gevinst for reiselivet på heile Nordvestlandet.