Norge har så langt sagt nei til kjernekraftverk. Det har det vore mange gode grunnar til. Frykt for kjernekraftulykker og faren ved lagring av atomavfall er to av dei.

Overflod av billeg vasskraft ei anna.

Dette endrar seg no.

Ny teknologi reduserer risikoen, og vi er i ferd med å få underskot på kraft. Vi bør absolutt løfte debatten på nytt.

Kunnskap og fakta er alltid betre enn fordommar og mytar. Difor er kjernekraft-vedtaket til landsmøtet i Høgre i helga fornuftig.

Landsmøtet vil ha ei utgreiing om kjernekraft i Norge.

Partiet går også inn for at vi skal ha ei aktiv rolle i utvikling av ny kjernekraftteknologi, mellom anna på thorium. Anders Riise frå Møre og Romsdal Høgre kjempa for dette, og vann. Partileiar Erna Solberg kjempa imot, og tapte.

Tsjernobyl-ulykka i 1986 og japanske Fukushima i 2011 er dramatiske døme på at kjernekraft kan vere farleg. Sjølv om ny teknologi reduserer risikoen, kan den aldri bli null.

Lagring av radioaktivt avfall er også risikofullt, slik Solberg peika på i debatten.

Ho spurte Riise om Møre og Romsdal vil ta avfallsanlegget. Nettopp lokal motstand er årsaka til at Sverige først i år bestemte kvar sluttlagringa skal vere.

At avfallet må ha trygg lagring i 100.000 år fortel sitt om risikoen.

Kjernekraft løyser ikkje dagens energikrise. For Norge vil det ta lang tid å få eigne kjernekraftverk. Billeg er det heller ikkje.

Kostprisen i svenske kjernekraftverk er mange gongar høgre enn for vasskraft og vindkraft.

At avfallet må ha trygg lagring i 100.000 år fortel sitt om risikoen.

Trass i risikoen og høg pris er likevel kjernekraft i frammarsj.

I dag kjem rundt 10 prosent av verda sin elektrisitet frå slike reaktorar, og meir enn 50 nye reaktorar er under bygging. Verda treng meir straum, og fossile energikjelder skal fasast ut.

Norge har verdas tredje største kjente ressursar av det radioaktive stoffet thorium. Mange ser dette som framtida for kjernekraft. Om det slår til, kan det gi oss store inntekter.

Men vegen fram er lang.

I dag har denne teknologien så vidt tatt steget frå teiknebrettet til bygging av dei første testreaktorane. Om dette kan skalerast opp til lønsam, kommersiell energiproduksjon er enno uvisst.

Vi skal ikkje no konkludere med at vi skal bryggje ut kjernekraftverk i Norge. Vi skal heller ikkje vedta at vi skal satse stort på thorium. Framleis er der mange grunnar til å la vere.

Kanskje bør vi heller satse på andre teknologiar, energikjelder og energiberarar.

Vi bør absolutt likevel skaffe oss meir kunnskap.

Kunnskap er ikkje farleg.