Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) går inn for å endre offentleglova, slik at det blir mindre innsyn og meir hemmeleghald i den offentlege forvaltninga. Forslaget vart sendt ut på høyring fredag før påske, og er oppsiktsvekkande. I regjeringsplattforma vart det lova meir openheit og strengare sanksjonar for brot på offentleglova, og no foreslår regjeringa det stikk motsette.

Offentleglova gir alle rett til å sjå dokumenta i den offentlege forvaltninga, og det er eit krav om at dokumenta skal journalførast. Prinsippet om openheit er grunnlovsfesta, og i paragraf 100 heiter at «Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ».

Lova har nokre unntak, som til dømes at interne dokument kan bli unntatt innsyn heilt eller delvis. Kravet er likevel at dokumenta skal journalførast, med tema, avsendar, mottakar, journaldato og dokumentdato. Dermed er det mogleg for alle å vite at dokumenta finst. Det nye forslaget går ut på at slike interne dokument ikkje lenger må registrerast i den offentlege journalen.

Jusprofessor Hans Petter Graver kjem, i ein kronikk i Aftenposten, med fleire døme på at diskusjonar internt i departementa, er av interesse for allmenta. Eit av dei var då koronakommisjonen i sin andre rapport avdekka at juristane i Justisdepartementet var sterkt kritiske til innføring av karantenehotell. Dette fordi dei meinte at ordninga med karantenehotell var problematisk både i høve til Grunnlova og til menneskerettane. Lovavdelinga vart overkøyrd, og publikum fekk ikkje kjennskap til at restriksjonane stod i eit tvilsamt forhold til lova, før dette kom fram i koronakommisjonens rapport, skriv Graver.

Openheit i forvaltninga bidrar til eit gjennomsiktig samfunn, og den norske forvaltninga nyt svært høg tillit mellom folk flest. Norge scorar høgt på internasjonale kåringar som handlar om tillit, demokrati, ytringsfridom og pressefridom. Openheit og tillit er med på å gjere Norge til eit av dei beste landa å leve i, og den tilliten må ikkje svekkast.

Dei siste åra har utviklinga gått feil veg, ved at innsyn i forvaltninga sine interne prosessar er blitt meir innsnevra. Det siste vi treng er auka hemmeleghald. Høyringsfristen for forslaget om endringane i offentleglova går ut 5. juli. Regjeringa bør vise at lovnaden om større openheit, er meir enn tomme ord. Dei bør derfor snarast skrote dette framlegget som vil føre til mindre openheit, og gjere det vanskelegare å kontrollere offentleg bruk av makt.

Regjeringa bør vise at lovnaden om større openheit, er meir enn tomme ord