Småkraftverk stoppar turbinane fordi dei taper pengar på å produsere kraft. Store kraftmagasin fløymer over, og sender vatnet forbi turbinane og rett til sjøs. Overskot av kraft gir ekstremt låge prisar.

Slik er det nord i landet.

Sør i landet er magasinfyllinga på sitt lågaste på 20 år. Prisen på straum slår nye rekordar. Store industribedrifter kuttar eller stansar produksjonen fordi dei taper pengar på drifta.

Etter ein svært regnvåt sommar er det kanskje mange på Nordvestlandet som føler at dei i det minste fortener å nyte godt av lav straumpris. Noko bilete på ein godt fungerande marknad er det likevel ikkje.

På kort sikt er det verst for dei som slit med høg pris, og ser fram mot ein vanskeleg vinter.

På lang sikt vil dette kunne bli alle sitt problem.

Tafjord Kraftproduksjon er eitt av selskapa som kunne ha produsert meir straum, men no sender vatn utanom turbinane. Direktør for selskapet, Stig Falling, seier til NTB at NVE har gitt for mykje konsesjon på produksjon og for lite på linjer.

Magasinfyllinga i nord er den høgste på 20 år.

Når vindkraftverk på Smøla, Fosen og andre stadar i prisområdet i tillegg leverer godt, blir resultatet eit stort overskot av «innestengt» kraft. Falling ynskjer fleire kraftliner sørover på Vestlandet.

Det vil ta tid før han får det ynskjet oppfylt. Statnett er alt i gang med å byggje ut ei ny line over Sognefjorden. NVE sa ja til denne for to år sidan, men først i vinter slutta Olje- og energidepartementet seg til etter klagehandsaminga.

Først om tre år vil den vere klar.

Konsekvensen for forbrukarane i region Midt vil verte høgre straumpris, medan effekten på straumrekninga til folk på Sørvestlandet truleg vil vere marginal. Produsentar som Tafjord Kraftproduksjon vil få betre betalt.

Ingen kan i dag seie sikkert korleis kraftmarknaden ser ut om tre år. Vêret er avgjerande for fyllingsgrad og vindkraftproduksjon, og krigen mellom Russland og Ukraina styrer i stor grad utviklinga i den europeiske energikrisa.

Det vi veit er likevel at behovet for fornybar kraft vil auke.

Uansett må det difor byggjast ut meir produksjon. NVE opplever stor pågang frå selskap som vil søkje konsesjon — sør i landet. Gamle prosjekt som ikkje var lønsame før, blir børsta støvet av.

Dagens rekordprisar åleine er ikkje nok grunnlag for investeringsavgjerda, men den blir støtta av utsikter til eit varig høgare prisnivå. Det gjeld berre i sør.

Nord for straumskiljet er det motsett.

Rekordfyllinga i magasina vil ikkje gjenta seg kvart år. Høgre risiko for ekstremt lave straumprisar på grunn av overskot på innestengt kraft, gjer det mindre attraktivt å investere. Det gjeld både nye anlegg og oppgradering av gamle.

For energinasjonen Norge er det dårleg nytt.

Skal vi utvikle ny industri og kome sterkt gjennom det grøne skiftet, må vi auke produksjonen av fornybar kraft der vi kan - ikkje berre i ein del av landet.