Det er gledeleg at stadig fleire kommunar ser verdien av openheit. Årets openheitbarometer, som Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport presenterte nyleg, viser at mykje går i rett retning. Kommunane i Norge er blitt betre til å sikre folk innsyn i kva dei held på med, og det er viktig både for tilliten i samfunnet og for demokratiet.

Ekstra hyggeleg er det at Møre og Romsdal ligg heilt i teten nasjonalt. Oslo og Møre og Romsdal er dei mest opne fylka i landet, medan Troms og Finnmark plasserer seg heilt på botnen.

Å legge til rette for innsyn betyr mellom anna at kommunane svarer raskt på innsynskrav, har gode søkbare postlister og gode rutinar for å gjere politiske dokument raskt tilgjengeleg. Dette er heilt nødvendig for at journalistar skal kunne gjere jobben sin, og lage kritisk og opplysande journalistikk, og for at politikarar og andre innbyggarar skal kunne halde seg oppdatert og følgje med på lokale saker.

Det er viktig både for tilliten i samfunnet og for demokratiet

14 av 26 kommunar i Møre og Romsdal publiserer dei fleste inn- og utgåande dokument i fulltekst, og nesten alle kommunar har postlister med avanserte søkemulegheiter. Dermed er det lettare for presse og publikum å finne fram til aktuelle saker. Aller best er Rauma, Volda, Ulstein og Averøy, som scorar 19 av 20 poeng. Ålesund er på 10. plass i fylket, Sula og Molde deler 19. plassen medan Sykkylven kjem dårlegast ut. Årsaka er mellom anna at kommunen ikkje svarte på innsynskrava, noko som norsk lov pålegg dei å gjere, og hadde kortast mogleg levetid for postlista på nett. Sykkylven har gjort det langt betre tidlegare, og kjem nok sterkare tilbake. Sjølv om dei tek jumboplassen i Møre og Romsdal, er dei betre enn mange andre kommunar i Norge.

Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport skal ha ros for å gjennomføre denne undersøkinga. Ved å rangere kommunane, skaper dei merksemd om verdien av openheit. Det betyr at dei som kjem dårleg ut, kan lære av dei som gjer det betre. Kravet om openheit er grunnlovsfesta. I paragraf 100 i Grunnlova heiter det at alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane, og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Unntaka må vere heimla i lov. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst ordskifte, og det er noko vi alle nyt godt av. Den tilliten som pregar det norske samfunnet, er meir verdifull, enn summen av alle oljeinntektene våre. Tillit tek tid å bygge opp, men kan lett brytast ned. Derfor er det behov for at nokon passar på at kravet om openheit blir etterlevd i praksis.