I løpet av denne veka kan endå fleire korona-tiltak bli fjerna. Etter snart to år med stramme tiltak er det ei stor lette at dei fleste no er borte.

Det betyr ikkje at korona er eit overstått kapittel på norske arbeidsplassar.

Høgt sjukefråvær er den neste store utfordringa. Både offentlege tenester og privat næringsliv vil bli råka, både på kapasitet og kvalitet.

Regjeringa har varsla at dei siste korona-restriksjonane truleg kan fjernast om ti dagar. I vårt naboland Danmark er dei allereie borte.

Mandag varsla statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at fleire kan bli borte alt denne veka.

Utviklinga i det siste gir då også rom for det.

Presset på helsetenestene er innanfor det dei kan takle, trass i sterk smittevekst. Vi kan takke høg vaksinegrad og omikron-varianten for det.

Likevel kan vi ikkje droppe all uro.

Korttids-sjukefråveret aukar bratt som eit resultat av ein meir smittsam virusvariant og at vi har droppa fleire tiltak.

Konsekvensane av dette er alt merkbare både i private bedrifter og i offentlege tenester. Høgt sjukefråvær fører allereie no til redusert kapasitet og tenestekvalitet.

Dei neste vekene vil dette bli verre.

Nordfjord Kjøtt i Loen opplevde før helga at meir enn 100 arbeidarar vart borte frå jobb. Fråværet her har vore på over 20 prosent. Slikt fråvær gir auka kostnader og tapte produksjonsinntekter.

Prognosane frå FHI tilseier at vi vil nå toppen av smitten i løpet av dei neste vekene. Sjølv om dei fleste får milde symptom og karantenereglane er kutta, får dette store konsekvensar.

På topp kan så mange som kvar femte vere sjukemeldt.

Skular, barnehagar, helsetenester og andre samfunnskritiske funksjonar kan få problem med å halde oppe normal drift. Både kapasitet og kvalitet på tenestene vil bli svekka.

I tillegg vil dette gi auka kostnader. I all hovudsak snakkar vi her om korttidsfråvær. For dei fleste vil det vere snakk om fråvær på mindre enn dei seks dagane arbeidsgjevarperioden er redusert til.

Difor må arbeidsgjevar ta rekninga.

Heldigvis tyder alt i dag på at dette blir ein kortvarig situasjon. Helsedirektoratet reknar ikkje med å gi råd om nye innstrammingar på grunn av dette.

Likevel må vi ta dette på alvor. Sjølv om vi alle lengtar etter å slutte å ta omsyn til smittefare, er det smart å ta tilbake kvardagen gradvis.

Både for styresmaktene og bedrifter som kan vere sårbare for høgt sjukefråvær.

Det vil løne seg på sikt.