Regjeringa vil greie ut erfaringane med EØS-samarbeidet. Eit alternativ til EØS-avtalen skal ikkje vurderast, korkje EU-medlemskap eller frihandelsavtalar.

Då kan ein spørje kva som er vitsen.

Svaret er like enkelt som det er meiningslaust. Utgreiinga er ei helsing «heim» frå EU-motstandar Senterpartiet.

Senterpartiet vil erstatte EØS-avtalen med handels- og samarbeidsavtalar med EU. Det vil ikkje Arbeidarpartiet.

I regjeringsplattforma er det slått fast at EØS-avtalen skal liggje fast.

Halmstrået Senterpartiet vart gitt under regjeringsforhandlingane i Hurdal var difor ei utgreiing. Den skal ta for seg:

  • Norge sine erfaringar dei siste ti åra

  • Andre land sine erfaringar med alternative avtalar med EU.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) ser tydelegvis dette som ei proforma-sak. Ho meiner at utgreiinga skal sjå på alternativ, men ikkje som for Norge.

«Bare se, men ikke røre».

I eit svar til Venstre-leiar Guri Melby understrekar ho tvert om korleis den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har endra seg dramatisk dei siste vekene, og at det får betydning for samarbeidet vi er ein del av.

Akkurat dette er eit viktig poeng. Frå Hurdalsplattforma vart signert har mykje endra seg. Endå større er endringa frå då Senterpartiet snuste på 20-talet i målingane.

Fellesskapet i Nato og EU har vokse seg sterkare enn før.

Utmelding av forpliktande internasjonalt samarbeid lokkar dei fleste lite. SV har opna for ein ny debatt om partiet sin Nato-motstand. Natodebatten har også fått fornya kraft i Sverige og Finland.

Krigen i Ukraina har løfta fram verdien av eit samla, demokratisk Europa. EU går langt sterkare i takt i tryggingspolitiske spørsmål. Dette vil få varige verknad på samarbeidet og integrasjonen i EU, både for landa innanfor og utanfor.

I Norge har dette gitt ein ny, gryande EU-debatt.

Tidlegare partisekretær og byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen (Ap), tok i ein kronikk i Aftenposten denne veka til orde for ein ny medlemskapsdebatt.

Svaret frå parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Senterpartiet er at «det er ikke noe folkekrav akkurat». Meiningsmålingane viser at Arnstad har rett.

Noko folkekrav om det motsette er det likevel heller ikkje.

Oppslutninga om EØS har nemleg vore rekordhøg på målingar som var tatt opp før det braut ut krig i Europa. Ei utgreiing av andre land sine alternative avtalar burde derfor ha vore avlyst.

Om ikkje ein greier ut for å behalde husfreden i regjeringa då.