I år er det tusen år sidan det vart innført eit lovverk som definerte Norge som nasjon. Det er vel verdt å feire. Kristenretten, lova som Olav Haraldsson fekk vedtatt på Moster, førte til radikale endringar. Det vart forbod mot rituelle drap og valdtekter, slaveriet vart avskaffa, og det vart ulovleg å sette ut barn i skogen for å la dei bli drepne av ville dyr.

Tusenårsjubileet skal feirast på Moster frå 29. mai til 2. juni i år. I Møre og Romsdal er det planlagt ei markering under det historiske Giskespelet i slutten av juni.

Norge var eit klansamfunn i 1024. Kva slags klan, eller ætt du tilhøyrde, avgjorde kva verdi du hadde som menneske, og kva rettar og pliktar du hadde i samfunnet.

Det revolusjonerande med kristendommen var ideen om at alle menneske var fødd likeverdige. Menneskeverdet skulle ikkje lenger definerast på bakgrunn av ætt, status, livssyn eller ære, men på det faktum at alle menneske er skapt i Guds bilde.

Dette menneskesynet la grunnlaget for rettsstaten, og seinare dei europeiske menneskerettane. Det er blitt ein så naturleg del av kulturen vår at vi tek det for gitt. I andre kulturar kan menneskeverdet bli definert på bakgrunn av kaste- eller klassetilhøyrigheit, eller avgrensast til dei som deler den same ideologien eller religionen.

Professor i kyrkjehistorie, Vidar L. Haanes, forklarer det som skjedde i 1024 på denne måten: «Kristendommen lærer at enhver er ansvarlig for sin neste, uavhengig av slektskap, egeninteresse, sympati eller verdi, ut fra troen på den Gud som elsker alle mennesker uten forskjell, en Gud som har omsorg for syke og svake, som tar de fattiges og undertryktes parti. I prinsippet ble mange av disse kristne dydene omsatt i lovform ved innføring av kristenretten».

Det må ikkje dekkast over at det også har skjedd mykje kritikkverdig i kristendommens namn. I alle samanhengar der menneske er involvert, vil det skje feil og misbruk. Likevel er det verdt å framheve dei positive verknadane av Jesu lære om nestekjærleik, tilgiving og forsoning, og korleis desse verdiane har påverka utviklinga av nasjonen vår.

Det vekte oppsikt då Richard Dawkins, som blir rekna som ein av dei fremste forkjemparane for ateisme, i eit intervju med LBC radio, snakka varmt om den religionen han har brukt livet sitt til å angripe. Dawkins er framleis ateist, men kallar seg kulturkristen, fordi han føler seg heime i den kristne etikken. Det er fleire enn han som ser positivt på kristne verdiar, sjølv om dei ikkje deler trua.

Både tusenårsjubileet for kristenretten og 750 års jubileet for Magnus Lagabøte si landslov skal markerast i år. Det er ei fin anledning til å bli betre kjent med vår eiga historie.

Likevel er det verdt å framheve dei positive verknadane av Jesu lære om nestekjærleik, tilgiving og forsoning