Helse Møre og Romsdal er tilbake på sparebluss. Neste år skal pengebruken kraftig ned.

Kutta blir smertefulle.

Flytting av rehabiliteringa ved Mork til Ålesund, sommarstengt fødeavdeling i Volda og bremsene på ved Kristiansund sjukehus er blant tiltaka med mest sprengstoff i seg.

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok budsjett for neste år i styremøtet onsdag morgon. Totalt skal det gjennomførast effektiviseringstiltak rundt 300 millionar.

Noko av dette handlar om at ekstraordinære korona-tiltak skal fasast ut fordi behovet er redusert.

Men det er knapt halve biletet.

Adm. direktør Øyvind Bakke må i tillegg stramme inn betydeleg på fleire område. Av ei liste på rundt 90 punkt, er det særleg tre som vil skape sterke reaksjonar.

Så seint som tysdag vart dei tilsette ved Mork rehabiliteringssenter i Volda orienterte om planar for å flytte plassane der til Ålesund. Dette kom som lyn frå klar himmel for dei fleste.

Planen fram til no har vore å leggje desse plassane til Volda sjukehus i lokala der det distriktspsykiatriske senteret er i dag. Volda vil også verte råka med sommarstengt fødeavdeling.

Bakke var i styremøtet også svært klar på at drifta ved Kristiansund sjukehus ikkje kan haldast oppe på dagens nivå fram til det nye sjukehuset på Hjelset står klar i 2025.

Alle desse tre punkta på kuttlista har mobilisert fakkeltog før. Det kan skje igjen.

Slike kutt skaper uro og frykt for eit reelt svekka helsetilbod.

Det er ikkje meir enn rundt tre år sidan Mork rehabiliteringssenter var truga av nedlegging. Då vart det stoppa, delvis på grunn av sterke protestar lokalt og frå pasientorganisasjonar.

Det handlar ikkje berre om lokalisering og lokalpatriotisme.

For svært mange av dei som har slått ring rundt senteret handlar det om uro for at eit sterkt fagmiljø skal forsvinne. Senteret har gode resultat og eit svært godt omdøme. Lokala senteret held til i no, er dei fleste samde om at tida har gått ifrå.

Strammare økonomi kan korkje styret i Helse Møre og Romsdal eller den administrative leiinga haldast til ansvar for. Deira jobb er å få best mogeleg tenester til pasientane for kvar krone.

Når kostnadane stig kraftig og inntektene sviktar, er det ingen veg utanom kutt og effektivisering.

Dette må likevel vegast opp mot kva som kan gå tapt. Å rive opp eit sterkt fagmiljø kan fort gi større tap enn det ein sparer. Ei flytting av rehabiliteringa ved Mork til Ålesund står i fare for å få dette som resultat.