Satsinga på å få fleire til å bruke sykkel som transportmiddel har slite tungt i motbakke i Norge. Og Ålesund har blitt kåra til nasjonal sykkelversting fleire gongar.

Skal byen – og landet, snu på dette, må det meir kraftfulle tiltak til.

Nokre av dei mest effektive tiltaka er «enkle», men det er også desse tiltaka som møter dei største dumpane i vegen. Å prioritere sykkel framfor privatbil i trafikken, sit svært langt inne for mange norske politikarar.

Måndag vart Stavanger kåra til Norges beste sykkelby under Den nasjonale sykkelkonferansen på Hamar. Norsk sykkelsatsing er likevel lite å feire. Norge er rett og slett ei sinke. Vi er langt bak andre land.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i Statens vegvesen slår i ein kronikk i Aftenposten fast at vi også er langt bak eigne mål.

Spreidd busetnad, røft klima og manglande kultur for å prioritere mjuke trafikantar kan forklare noko. At vi er bak «sykkelland» som Danmark eller Nederland, kan ein kanskje forstå. At vi også er på bakhjulet samanlikna med Sverige og Finland er vanskelegare å bortforklare.

Vedtekne mål i Nasjonal Transportplan seier at åtte prosent av alle reiser skal gjerast med sykkel og at dei største byane skal ha ein sykkelandel på 20 prosent. Vi er i dag på det halve.

Ålesund sette seg i 2009 som mål å auke sykkelandelen frå tre til åtte prosent innan 2027.

I dag, 13 år etter og med berre fem år til målpassering, er målet like langt unna. Ålesund har framleis ein sykkelandel på tre prosent.

I Bypakke Ålesund er satsing på sykkel, gonge og kollektiv eitt av dei berande elementa for å nå eit anna viktig mål: Nullvekst i personbiltrafikken. For å lukkast med dette må, det ryddast plass til sykkelen.

Hovland peikar i kronikken på at omdisponering av gateareal i byar er det tiltaket som gir aller mest effekt.

Konkret betyr dette sykkelfelt, betre skilting, oppgraderte kryss og fjerning av gateparkering. Prisen på dette er lav samanlikna med dei 65 millionane ein kilometer sykkelveg langs riksvegnettet utanfor bysentrum kostar.

Politisk kan derimot prisen vere svært høg. Då det kom framlegg om å fjerne 100 parkeringsplassar på gateplan i Ålesund for nokre år sidan, kom det massive protestar frå både næringsdrivande og publikum.

Her er Ålesund slett ikkje eit unikt tilfelle.

«Det er hard kamp om arealet i byene våre», skriv Hovland.

Likevel: Den kampen kan det vere verdt å ta. Det handlar ikkje berre om å nå klimamål, men å skape attraktive bysentrum der folk trivst, vil bu og vil nytte til handel og opplevingar.