Der reiselivet har vore vane med å presentere Nordvestlandet i strålande solskin, er det ein viss fare for at turistar føler seg snytt om skodda ligg lågt og temperaturane er låge.

Men då ein av verdas største seriar, Succession, for få dagar sidan publiserte episode 5 av sin avsluttande sesong – var det med nordvestlandsk ruskevêr som bakteppe. Det har tydelegvis sin internasjonale appell, for lokalt reiseliv merkar allereie Succession-effekten.

Før var det knapt ein utanlandsk filmproduksjon som sette sin fot i Norge. Heller avsidesliggande New Zealand var meir aktuell for den storstilte Ringenes Herre-produksjonen tidleg på 2000-talet. Turistmengda til landet auka med 40 prosent i åra etter.

Først i 2015 fekk Norge surra seg til å innføre ei liknande insentivordning som New Zealand. Sidan har det gått slag i slag – som til dømes James Bond-filmen «No Time to Die» frå 2021 med flotte scener frå Atlanterhavsvegen. Og i juli er det premiere på Mission Impossible 7 med ei storslegen stuntscene av Tom Cruise på Hellesylt.

Begge desse filmane, likeins med Sucession-serien, valte å legge produksjonane sine til Norge på grunn av insentivordninga. Og fleire kan det bli, men potensialet er langt frå nådd.

Den noverande insentivordninga inneber at store internasjonale film- og serieproduksjonar kan få refusjon på inntil 25 prosent av utgiftene sine på å spele inn i Norge. Men ordninga er langt frå god nok.

Til dømes har den norske insentivordninga, i motsetning til andre land, årlege søknadsfristar. Det kan føre til at produksjonar med tidspress heller vel å gå til eit land som godkjenner ein søknad nokre månader før. Ein norsk utvalsrapport frå mars konkluderer med at det derfor heller burde vore høve til å søke fortløpande. Det er lurt.

Den same rapporten foreslår dessutan å auke potten gradvis til 250 millionar kroner meir i 2029, men det monnar ikkje. Til dømes stakk Mission Impossible 7 av med heile potten i 2021, på kostnad av andre produksjonar som også ville ha lagt att mykje pengar i Norge.

Det gir derfor meir meining å fjerne potten, og heller gje refusjon til alle kvalifiserte søkjarar. Potensialet for lokale inntekter, regional reklameeffekt og kompetanseauke til norsk filmnæring er nemleg så uendeleg mykje større. Det er ei billig investering som reiselivet i vår naturskjønne region drar spesielt god nytte av.