Bøndene har sjeldan hatt så sterke kort på handa før eit jordbruksoppgjer som no. Sjansane til eit ekstraordinært løft i inntektene er gode.

For Senterpartiet er det motsatt.

Bøndene sine forventingar til partiet er svært høge. Sjeldan har risikoen for at Senterpartiet skal skuffe sine kjerneveljarar vore større.

I dag spanderer Norges Bondelag frokost utanfor Stortinget som ein forsiktig forsmak på årets jordbruksoppgjer. Men alt neste veke kjem dei til å by på langt kraftigare kost.

Onsdag kjem bøndene sine krav på bordet.

Sjeldan har risikoen for at Senterpartiet skal skuffe sine kjerneveljarar vore større

I år kjem dei ikkje til å vere beskjedne. No vil bøndene innkassere gevinsten frå regjeringsskiftet og aksjonen Bondeopprør 2021. Den gevinsten ventar dei både i form av reine pengar og eit skifte i landbrukspolitikken.

Så langt har det vore lite å hente, i alle fall i reine pengar. Det har slett ikkje vorte lettare å vere bonde, sjølv om Senterpartiet har fått med mange av sine vallovnader inn i regjeringsplattforma.

Priseksplosjonen på straum, drivstoff og kunstgjødsel har tatt eit solid jafs av bøndene sitt levebrød.

Mange bønder har det tøffare no enn for eitt år sidan.

Tala frå Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) syner at «lønna» per årsverk har krympa med fleire titusen. Andre grupper har fått auka si løn. Inntektsgapet veks difor i staden for å krympe.

Krigen i Ukraina og pandemien har på same tid løfta spørsmålet om sjølvforsyning og mattryggleik høgre på dagsorden.

Alt dette har styrka bøndene sin forhandlingsposisjon.

Meiner politikarane alvor med at vi må ha høgre sjølvforsyning frå eit levedyktig landbruk, må staten leggje meir pengar på bordet.

Her må likevel både bønder og landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) halde tunga beint i munnen. Tilfeldige prishopp bør kompenserast gjennom krisepakkar som kan reverserast like raskt som dei blir gitt.

Varige prisaukar bør derimot gi eit varig inntektsløft.

Problemet i dag er å skilje kva som er varig og kva som er forbigåande, til dømes når det gjeld prisen på straum eller gjødsel. Dette kan vere med på å komplisere forhandlingane om jordbruksavtalen.

Norske bønder fortener eit inntektsløft. Alle vi andre fortener at Norge vert meir sjølvforsynte og mindre sårbare. Det kviler difor eit tungt ansvar på skuldrane til Borch.

No kan ho ikkje lenger skulde på forgjengarane.

Ho må til å levere på Senterpartiet sine eigne vallovnader. Det blir inga enkel øving når vi har ein økonomi på høgt turtal som ropar på innstramming.

Her kan Borch raskt ende opp med å få sinte bønder på døra.