Fylkestinget i Møre og Romsdal kan bli så blått som det aldri tidlegare har vore. Frp og Høgre ligg åleine på nippet til å ta reint fleirtal saman.

Akkurat no blir også Frp målt større enn Høgre.

Blir dette valresultatet er det ikkje berre klart for eit maktskifte, men Frp syner også musklar i kampen om fylkesordføraren. Vinn partiet den kampen, vil Geir Stenseth (Frp) skrive seg inn i partihistoria som den første fylkesordføraren for Frp.

Målinga Infact har gjort for Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke må vere ein vekkar for fleire. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ei samla oppslutning som er lågare enn det Frp oppnår.

For Arbeidarpartiet er dette ei katastrofemåling.

Valet i 2019 var «all time low» med 18,1 prosent i oppslutning, men Tove Lise Torve klarte likevel å kapre fylkesordførarmakta med ein koalisjon på sju parti bak seg. I dag ligg partiet 5,3 prosentpoeng bak dette resultatet, og er langt unna å kunne berge makta.

Men det er ikkje berre Ap som bør høyre alarmen ringe. Høgre oppnår respektable 22,3 prosent på målinga, og må tilbake til 1979 for å finne eit betre valresultat. Nærast dette i «moderne tid» var partiet i 2011.

Målt mot Arbeiderpartiet er dette også ei solid oppslutning. Høgre har aldri vore større enn Ap ved fylkesingsval i Møre og Romsdal.

Likevel er det spesielt at partiet i eit så blått fylke ikkje klarer å ri på den same høgrebølgja som partiet gjer på landsplan. Når Høgre er oppe og vakar på 30-talet både på stortings- og fylkestingsmålingar, er 22 prosent i borgarlege Møre og Romsdal ingen imponerande prestasjon.

Frp presterer derimot langt over det partiet gjer nasjonalt.

Eit maktskifte er nærast uunngåeleg. Det er nesten utenkjeleg at regjeringspartia skal tette forspranget dei blå-blå partia har, med berre eit halvt år att til valet. Ikkje berre er det eit klart blått overtak, men det er også lettare å byggje blå alliansar enn raud-grøne.

Der Torve måtte ta nesten heile kortstokken i bruk for å stable på beina eit fleirtal av Ap, Sp, Sv, V, KrF, MDG og Raudt, treng Høgre og Frp berre eitt mandat frå ei av fogderilistene eller dagens posisjonsparti for å sikre fleirtal.

Det er ein langt enklare veg.

Framleis er det eit halvt år att til valet, og fasiten har vi ikkje før valdagen i september er passert. Ei meiningsmåling er berre ei løypemelding, men akkurat no har dei raud-grøne skikkeleg kladdeføre.

Utan nasjonal drahjelp frå Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er Møre og Romsdal tapt for dei raudgrøne partia.

Og fylket er i ferd med å befeste posisjonen sin som det tjukkaste Frp-land.